Straffesparkkonkurranse er eit onde
To lag går ut på banen kl 20.40. Det eine laget har på seg gule draktar. På stadion ljomar "Oh! When the saints og marching in!" Eg får ikkje med meg dette. Eg skundar meg nemleg dotrengd mot Bohemen saman med Marie.
Southampton skal spela 2. kamp i playoff-systemet (sluttspelet der vinnaren av 4 lag rykkar opp) mot Derby. Saints har endt på 6. plass medan rams endte på 3. Sistnemnde (for den mindre fotballinteresserte: altså Derby) ledar 2-1 frå førre kamp på Saint Mary's Stadium. Southampton må opp og scora, for å få angrepssvake Derby opp og fram slik at Saints kan kontra inn seieren.
Bohemen er full av Derbyfans. Eg er den einaste saintssupportaren eg kan sjå. Fleire lokale heltar bakkar meg opp. Marie er også svært engasjert. Eg er nervøs.
Få minutt etter me kjem står det 1-1. Pangstart! Sjølv om det første målet er ein fadese av eit redningsforsøk frå southampton si side: langskot med halvhjerta redningsforsøk. Berre SFC kan sleppa inn slike mål. Men så er jo førstekeeparen ute med skade også. Men saints har scora siste målet og ting ser meget lyst ut. SFC må jo berre scora eitt mål for å få ekstra omgangar.
Etter ca 50 min scorar saints igjen og eg let jubelen laus. Halsen får trent seg. Endorfinane strøymer ut og lykkerusen er stor! Nå er ekstraomgangar foreløpig i boks. Southampton spelar i tillegg som kongar av Pride Park. For første gong vinn dei ballen på midtbanen i staden for å tapa han. Dei bruker elegante triks for å lura Derbyforsvaret og smilet sit laust på munnen min. Skal eg endeleg ha flaks i fotballivet?
Så scorar Derby etter ca 60 min. Eg hadde nettopp sagt til mine bordnaboar at "skåre sje saints di neste 10 minuttå, skåre darby". Saints hadde nemleg pressa hardt, men hatt uflaks ppå avsluttningane. Rams si scoring kom på corner der Leon Best sette ballen i eige mål på spektakulært vis. Hadde han øvd på det i eitt år aleine forran mål, hadde han ikkje klart det meir enn ein gong. Akkurat denne gongen viste seg å vera i kveld. Eg kjenner meg langt, langt nede. Etter å ha hoppa og skreke som einaste mann ti minutt sidan, høyrer eg no på kvitkledde 30-åringar som reagerer slik eg gjorde den gong. Saints er foreløpig ute av opprykksstriden.
Kampen går sin gang. Eg har heldigvis klyppa neglene, så eg bit i skinnet og fingrane mine i staden. Sidemannen min beroligar meg og hevdar at saints vil vinna 4-2. Eg smiler, men held fram med å bita hud.
Så i 88. minutt skjer det: saints skorar etter eit flott angrep. Eg eksploderer. Stemmen min blir hes. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ så deiligt!!!!!!
Saints er i følgje bortemålsregelen (er det samnlagd uavgjort, men laget ditt har scort meir på bortebane, går dei vidare) vidare.
Når fløyta bles jublar eg. Eg trur SFC har gått vidare til playoff-finalen. Skuffelsen er difor enormt stor då det går opp for meg at bortemålsregelen ikkje gjeld i playoff (som kanskje einaste store sluttspel). Me må ut i ekstraomgangar. Alle som har sett saints spela, veit at å halda presset oppe er slett ikkje deira beste eigenskap. Dei neste 35 minutta blir skumle.
Ganske rett blir presset frå Derby større i ekstraomgangane, men stillinga står 3-2 til saints (4-4 samanlagd) ut desse. Det er duka for straffekonkurranse. Verdens mest urettferdige og dårligaste avgjerslemetode nokon gong oppfunne.
Saints vinn myntkastinga og får sine supportarar bak målet. Leon Best, unggutten som scora sjølvmål, skal gjera ting godt igjen. Han bommar. Han skyt over og til sida for mål. Smerte og skam. Derbyskjøgene jublar.
Alle derbyspelarane klarar sakene sine. Indigo Idiakez er SFC sin mann som skal avgjera. Scorar han, må Derby scora dersom dei skal vinna. Bommar han, vinn rams. Han tek fart. Det regnar i Nord-England. Kamera fokuserer på fjeset til den gulkledde skyttaren. Så spring han mot ballen. Han skyt. Ballen går, går, går??? over! Derbyfansen hopper i taket. Dei er vidare.
Eg sitt eit par minutt med hovudet i hendene utan å seia noko. Sidemennene mine klappar meg medfølande på skuldra. Dei held med Vålerenga, så dei veit kor bittert livet i 1. divisjon er. Eg ser derbyfansen på Pride Park storma banen. Supportarane til saints sørfrå står på tribunen og syng for å visa at dei er bak helgenane sine sjølv om dei ikkje vinn.
Til slutt reiser eg meg og går inn på do. Der lensar eg meg for den halvliteren sidemannen min kjøpte meg då saints hadde klart seg til ekstraomgangar. Ute i puben høyrer eg den fantasilause sangen "Derby, Derby, Derby" . Eg hatar dei. Eg hatar dei sjølv om eg ikkje veit kven dei er. Sjølv om eg veit at eg hadde reagert likt, ser fjesa deira stygge ut når eg går ut. Nei, eg hatar ikkje dei. Eg hatar urettferda som ofte regjerer i forballen. Sjølvsagt skulle ikkje Davis slept inn detførste klumsemålet til Derby. Sjølvsagt skulle ikkje Best scort sjølvmålet som sjølv ein doktorgradinnehavar i fysikk ville undra seg over korleis det var mogleg å scora. Sjølvsagt, sjølvsagt skulle saints hatt straffe då Derbyforsvararen leda ballen ut over dødlinja med handa i første omgang.
Men slik er fotballen. Og på ein måte er det urettferda eg elskar med sporten. Alle kan i teorien vinna. Og neste år er det Southamptons tur! Eg kjenner det på meg. Slik dei spelte denne kampen. Me har eit (relativt) stabilt styre, ein stabil økonomi, eit godt lag, unge og lovande spelarar, og ein god manager:
The future is bright! The future is red and white! Come on you saints!!!!!
Come on you reds!!!!
Spam frå helvete
"We are pleased to inform you of the result of the just concluded
annual final draws held on the 20th Of March 2007 by Coca-Cola
company
in
conjunction with the British American Tobacco Worldwide Promotion.
Your email was among the 4 Lucky winners who won a lump sum of FIVE
HUNDRED THOUSAND BRITISH POUNDS STERLINGS (£500,000.000 ) each on THE
COCA COLA
COMPANY PROMOTIONS.
...
In other to claim your prize winning, you are required to fill out the
Claims Verification form below and send it to the Fiduciary Agent Of
THE COCA
COLA COMPANY for verification and claim processing
NAME:....................................
AGE:.......................................
SEX:......................................
ADDRESS:..............................
EMAIL:....................................
PHONE:.................................
OCCUPATION:.........................
COMPANY:..............................
COUNTRY:..............................
Prize Ref No............................
...
Congratulations once again On Behalf of the staff And Members Of the
COCA COLA COMPANIES and therefore advised you to keep your winning
information
confidential and restrict from third Party to avoid double or false
claims of your winning."
Sjå i nåde til meg som kjenner det late hug i hjarta mitt
Eg innser at dette er ein svært internt og dårleg skrive innlegg, men det for gå. Eg måtte berre skriva noko for å blidgjera Kåre, og dermed unngå at han skjeller ut både meg og uskuldige kommentatorar på bloggen min. Kåre er blogguden som må ofrast til i form av innlegg. Elles blir han vreid og slepp ut alt det fryktelege som berre ein hjerne som har gått utan kjærteikn frå eigne hårstrå i eit tiår kan komma opp med. Lat oss alle bloggsyndarar venda oss i syndforlating til han no (Tore, du treng ikkje. Du endar opp i blogghelvete uansett).
Dersom du først har tråkka i salaten bør du for all del stå i ro!
Her følgjer ei sann historie frå verkelegheita som argumenterer for kvifor ein bør sjå an dei personane ein ber med seg på kino, og iallfall kven ein ber med seg på toalettet. Historia er så tragikomisk at eg ikkje har opplevd maken.
Til min 20. bursdag fekk eg av min kjære nabo og venn Håkon ein tur på kino (pluss tett med godteri). Denne kinoturen tok med på måndag. Då me gjekk for å kjøpa billettane på Vika kino, fortalde Håkon om ein idé han hadde fått til ein god gjerning. Han ville be med ein uteliggjar på kino. Eg syntes ideen var god, og etter me hadde kjøpt billettar, gjekk me i veg for å finna oss ein potensiell person til å invitera.
Me tok banen til Jernbanetorget der me etter erfaring veit at uteliggjartettleiken er størst. Etter lett slentring opp Karl Johan, såg me ein som me var einige om låg i målgruppa vår. Me gjekk bort til vedkommande og inviterte han. Han svara ja, men presiserte at han eigentleg skulle møta ein som skyldte han pengar (for narkotikahandel).
Då det berre var 10 min til filmen begynnte, tok me bussen til kinoen. På turen fekk me vita at den heimlause var heroinavhengig. Han hadde budd i Oslo i 2 år, men var eigentleg frå mine traktar. Ikkje hadde han fått ei krone frå staten på desse åra sidan han ikkje hadde meldt flytting. Pengane fekk han tydelegvis frå narkohandel.
Me gjekk av ved nasjonalteateret og gjekk mot Vika kino. Etter at vår venn hadde helsa og drøst litt med meir eller mindre oppeståande likeskjebna venner, nådde me omsider kinoen i det reklamen var i ferd med begynna. Håkon kjøpte billett. Det var då underteikna kom med det største sjakktrekket eg har gjort i mitt liv (setningen er gjennomsyra av spydig sarkasme mot meg sjølv). På bussen hadde me sett at han hadde ein tablett og to små posar med heroin i neven. Likevel, likevel presterer Øystein å seia følgjande: "Du, eg må på dass eg før kinoen. [vender seg så mot den narkomane] du sga sje du og før filmen bejynne?" Kva gjer du meg? Spørja ein narkoman om han vil på eit av dei beste sprlyteromma i Oslo før han skal på kino. Som om ikkje det var nok spurte eg ein gong til pga manglande respons. LØG! Han blei sjølvsagt med. Eg sa til han på veg ned då eg hadde forstått kor idiot eg hadde vore at "dei greiene du har i hånnå, dei vente du med, sant?". Det lova han. Alt såg likevel ut til å gå bra då han stilla seg opp med pissoiret og gjorde sitt. Eg trudde eg kunne pusta letta ut og gjekk for å vaska hendene då han gjekk mot ein av båsane. "Eg må bare gjer någe", sa han. Forbandet. Eg ba han ikkje bruka lang tid. "E der om 5-10 minutt" var svaret hans.
Eg gjekk opp til Håkon og Jon (som også var med). Då filmen starta hadde det gått ca 5 min. Håkon og eg gjekk ned og spurte korleis det gjekk. Han var ikkje heilt ferdig var svaret. Me gav han billetten under døra og ba vakten sleppa han inn når han kom. Filmen hadde nettopp starta og me sette oss ned i kinosalen.
Då det hadde gått ein halvtime gjekk Håkon for å sjå om han. Då han spurte korleis det gjekk, svara den båsværande mannen at han hadde litt problem med blodåra (dette er fakta).
Å seia at han ikkje kom til kinoen er vel unødvendig. På vegen ut spurte me ein kinovakt om dei hadde sjekka toaletta. Han kunne fortelja at vår venn hadde blitt frakta ut. Han gjekk bra, men klaga over vondt i magen. Litt merkeleg til sinns gjekk me tilbake ein erfaring og to rikare.
Å læra...
Sunday, Bloody Sunday
I siste onsdagen i Januar reiste Vangen og eg reiste til Nord-Irland for å besøka någen venner som me hadde truffe i sommar. Tidspunktet valt for reisa var ikkje tilfeldig. Den påfølgjande sundagen var det nemleg 35 års jubileum for Bloody Sunday-markeringa. Kort innføring: Byen dei bur i heiter Derry og ligg heilt nord på øya. Byen er kanskje best kjent for dei fleste nordmenn under namnet Londonderry (eit namn som provoserer dei fleste innbyggjarane som vil vekk frå Storbritannia og slå seg saman med Irland). Byen står i særstilling i forhold til dei fleste andre nord-irske byar sidan dei fleste borgarane i Derry er katolikkar og tilhengjarar av foreining med republikken i sør. Difor har det ofte vore uro der. I Januar 1972 var det ein fredeleg demonstrasjon mot bl.a. dårlege buforhold og ein del andre sosiale sakar. Demonstrasjonen endte tragisk med at 14 sivile blei drepne av spesialstyrkane frå den britiske hæren som hadde blitt sett inn for å halda demonstrasjonen under oppsikt.
Blant dei som blei drepne i 72 var onkelen til Martin, viss syster me budde hjå. Når i tillegg Ann (systera) hadde vore medlem av aktivt medlem av IRA, og ho og to av dei andre syskena hadde blitt truffne av plastikkuler, og huset til foreldrene hadde blitt ramma av ei bilbombe, seier det seg sjølv at me fekk mange spennande historier og kom under overflata på markeringa på ein heilt unik måte. Ting har heller ikkje roa seg heilt i landet, men det er betre enn i 60-70-åra. Då me spurte om det kom til å bli opptøyar fekk me svaret: "No it won't. Probably just some kids throwing stones at the police, but nothing more." Det beste sitatet kom likevel frå Ann då eg spurte ho om det same. Ho foreslo at me kunne gå litt rundt i byen etter marsjen og sjå om me såg någen opptøyer. Så la ho til "Are you a good runner?" Eg svare på at eg er heilt grei. "good" var svaret hennar.
Andre høgdepunkt var bl.a.
- Då me fekk fulle irar til å tru at eg var prinsen av Norge (ikkje kronprinsen vel og merka, men hans yngre bror).
- Ein lang diskusjon på fleire timar på eit nachspiel mellom to republikktilhengjarar som eigentleg var einige, men som endte med at den eine (ein av våre venner) blei kasta ut av huset til han andre. "I don't wan't to shake yer hand! Get out of me house!"
- Då det lokale folkbandet i den mest irske puben i Derry spelte "Whiskey in the Jar" + andre klassiskarar og alle trampa takten og sang med.
Så nokre sluttord: Derry er ein fantastisk by, spenninga mellom nasjonalistane og unionistane er langt frå over, det irske landskapet er akkurat like vakkert som du ser det for deg, irar er like venlege som du har høyrt, men dei har ei ekstremt kort lunte overfor kvarandre når dei er på byen.
If I had the wings of a sparrow, if I had the arse of a crow, I'd fly over Rennesøy and shit on the bastards below
Hehei! Året er (nesten) nytt og eksamen (forhåpentlegvis) unnagjort. Bortsett frå skiftande nervøsitet og lett nørding, har det stort sett vore solskinn i mitt delvis plettfrie sinn. Etter eksamen har eg m.a. jobba litt, vore fadder for dei nye medisinarstudentane samt vore i Nord Irland på besøk.
Fadderveka til medisinstudiet har i det siste fått ein del merksemd i media. Eg var berre med ein av dagane og såg ikkje det som har vore omtala, men eg har fått fortalt av særs sikre kjelder at nrk har feilsitert personar og manipulert fakta til dei gradar. Mitt høgdepunkt med fadderveka var uansett under ein leik der bl.a. ei jente frå kvart lag skulle fri til meg. Sjølv om det i seg sjølv ikkje høyrest feil ut, var det noko som skjedde etterpå som gav meg det største smilet. Prolog: Matias frå Eigersund kjenner mitt anstrengte forhold til Rennesøy. Jenta frå Matias si faddergruppe frir med bl.a. desse orda: "velgjer du meg skal eg bomba Rennesøy for deg." Valget om beste frieri var sjølvsagt lett. Det morosame: Etter leiken kjem ei jente bort til meg, helser og seier følgjande: "Eg er frå Rennesøy. Du er ikkje så høgt i kurs akkurat nå..." Sært, men du så fantastisk.! Ja, eg vil faktisk voldta det ordet.
Hopp og sprett og tjo og hei!
Kos deg!
My sweet revenge
Dette haldt den kyssesjuke og slitne Vangen vaken frå førstnemnde til sistnemnde tidspunkt. I mellomtida hadde Vang eit mislukka ta-straumen-raid mot sikringsskapet i gangen. Han valgte feil sikring, og dermed har kvite-neger-Steinar ført til direkte og indirekte liding for høvesvis Vangen og dei i den andre leiligheita som mista straumen (desse hadde i tillegg det høgaste straumforbruket. Kanskje vaska dei klede? Eg er iallfall viss på at det hadde eit dårleg utfall med straumtapet). Uansett er det naboen sin feil!
Dagen etterpå tok Vangen og eg hevn; Vangen for tapt søvn, eg for forstyrring av dofreden (men mest for løye). Me sette opp stereoen til Vangen inn til den tynne gipsveggen på rommet til Lars (medan naboleiligheita var under ut-/innflytting var Lars og eg inne og såg oss om. Den består kun av eit "bad" og eit kjøkken/opphaldsrom/soverom. Ergo sov naboen rett på andre sida). Så vrei me på volumhjulet og hadde oss ein tre kvarters lang ønskekonsert.
Du, for ein god start på dagen!
Hevn er kanskje ikkje heilt bra reint plikt- eller dygdetisk (forferdeleg ord direkte frå ex phil), men du så bra det kan vera utilitaristisk sett!
Nedskriving av tankane mine akkurat no
Arse Valken
Akk så kjekt det er å vera 19 år men 16 i sinnet.
3 haikudikt
Sossegut med band,
vintersdag kun med t-skjorte
går rundt. Frys i hel!
Siv Jensen
Siv Jensen grim og
fæl. Syns avgift og neger
er dumt. Brenn fascist!
Hybelliv
Hybelkaninar
små på golv ligg. Kjøkkenbenk
med svart lapskausboks.
Bønder i byen, eller medisinstudentar på Blindern
Kantina på Domus/pk/medisinsk fakultet er etter mange si meining (spesielt Stian, Jon-Anders, Kaveh og eg) svært undervurdert. Ok, så er kanskje maten som blir servert der av og til litt lågare i kvalitet enn den mor lagar. Men med tanke på eigne matlagingsdugleikar (som hovudsakleg består av dei 3 trinna tin, pakk opp og steik (eller var det pakk opp, tin og steik?)), pris, tidsparing og ikkje minst service, er dagens til 39 kr eit svært godt kjøp. Og for all del; eg tykkjer maten er svært god.
Då tidlegare nemnde firkløver var tidleg ferdig med dagens PBL og ville ha seg litt mat før lesesalen skulle erobrast, oppstod det eit problem. Klokka var nemleg berre 11.20. Dvs at serveringa av dagens ikkje starta før om 40 min. Etter ein heftig diskusjon der venta på at dagensserveringa skulle starta eller bislett kebab var stridsspørsmåla, kompromisserte me med at me skulle sjekka ut kantina på Blindern. Kjekt med litt nytt miljø og nye omgjevnadar. Sidan det er SiO som driftar begge kantinene, tenkte me at resten av matopplevinga skulle vera nokonlunde lik. Det skulle visa seg å vera skammeleg feil!
Me følte oss litt som turistar då me skulle skaffa oss vår rasjon på Blindern; me stilte oss i feil kø (me er vante med ein kø. Der hadde dei 3-4), me la merke til dei stilfult dekorerte veggane og me kjende dei framande krydderluktene. Dei selde kulinariske rettar som vegetarianarrettar og halalmat der. Studentane som åt der kom frå sikkert over 5 ulike fakultet. Det var nesten som eit anna land for oss enkle medisinstudentar. Dei hadde til og med fleire personale av utanlandsk opprinning enn det me har. Alt dette verka overveldane, men hadde ein nøytral emosjonspåverknad på oss. Forventningane våre blei om noko litt oppskrudde av alt det nye, men dette endra seg eigentleg ganske raskt då me fekk sjå kva lynne sjefskokken var i. Han var sur og grinete, og hadde sjølvsagt bart og var stor. Han hadde så surt fjes at han hadde konstant dobbelthake. For oss som er vande med Lena og Linda sine smil og glade kommentarar, var dette ein stor kontrast. Ekstra vondt gjorde det då eg spurte om mannen bak disken kunne ausa pastaretten min med kjærleik. Svaret eg fekk var "dersom du hadde vore jente". Au! I tillegg frista han meg og sa at "då skulle du fått ein klem og." Tenk at folk kunne vera så overfladiske her nede.
Ein annan ting me la spesielt merke med var at i storbyen Blindern var det berre småbord og folk sat mykje åleine. Me frå utkanten på Domus er ikkje vande med slikt. Me er vande med at dei fleste kjenner dei fleste og at ein alltid treff på kjentfolk ein kan setja seg med å eta med i kantina. På pk er det også ein del langbord sidan så mange slår seg ned med kvarandre heile vegen. Det var det ikkje moglegheit for her. For oss utkantfolk virka dei urbane blindernfolka mykje kaldare og skumlare enn dei trygge medisin-, odontologi- og ernæringsfolka.
Nei, neste gong skal eg venta til middagsserveringa startar på Domus, og aldri skal eg byta ut verken Lena eller Linda, nei til og med ikkje han fyren ingen veit kva heiter, med blindernkantina.
I tillegg var maten der kald.
Nedoverbakke, oppoverbakke og seneverk
Tysdag kveld avtala Håkon og eg å ta oss ein tur med bretta. Då me kom til nasjonalteateret blei me enige om å hoppa på ein t-bane mot aust og køyra inn mot sentrum. Sidan eg samlar på endestasjonar på t-banen (eg hadde berre Frognerseteren til då), og Håkon alltid hadde hatt lyst til å ta banen til Ellimgsrudåsen, blei falt valget på linje 2 Ellingsrudåsen. For dei som ikkje er støe på Oslo sin austkant (inkludert Håkon og eg), er Ellingsrudåsen ca 15 km (trur eg) litt nord, men mest aust for sentrum.
Å ta banen frå Oslo sentrum til ein endestasjon tenkte me var genialt sidan Oslo sentrum ligg nede i "gryta" medan omgjevnadane reisar seg greit over havnivået. Me ville ha nedoverbakke heile vegen tenkte me. Det viste seg å vera skammeleg feil. Då me kom fram til endestasjonen (fantastisk stasjon forresten med heftig grottepreg men likevel sivilisert. Anbefalast.) og hadde sett oss litt rundt i E. torg samt spurt etter vegen til sentrum; eit spørsmål som kebabsjappeeigaren fann særdeles merkjeleg (la meg leggja til at klokka var nærare kvart på tolv om natta og longboardkøyring til sentrum visstnok ikkje er så vanleg), la me i veg ned ein veg mot lysa langt borte mot vest (konge setning! semikolon, komma og 3 parentespar!). Me fann ut at denne bakken var berre eit kjekt lite avvik frå resten av løypa. For etter eit par minutt byrja det å gå kraftig oppover. Slik fortsette det framover: ned og opp, ned og opp, bort litt, ned og så opp igjen.
Me hadde følgt sykkelstiskilta mot Tveita. Det var 6 km dertil då me starta. Etter å ha køyrt i ein halvtime byrja me å bli litt pessimistiske med tanke på å få ervervt søvn den kvelden sidan skilta no viste 4 km til Tveita. Begge to skulle opp umenneskeleg tidleg (og dei som kjenner meg godt veit at dersom eg ikkje får nok søvn, dvs meir enn 7-8 timar, blir eg gretten). Men likevel var mista me ikkje motet.
Då me kom til Lindeberg (ca midt mellom Tveita og Ellingsrudåsen) drista me oss til å stola på eigen intuisjon og forlot sykkelstien. Eg er enno uviss på om det var smart. Me kom ned til hovudvegen og fortsatte mot vidare mot vest. Etter ein time ankom me Tveita etter lange oppoverbakkar, bratte nedoverbakkar og køyring i ei handlevogn me fann langs vegen frå IKEA Furuset. Då "gikk alt så meget bedre" som Willoch ville sagt. Derifrå var det så og seia berre nedoverbakke til sentrum. Den gjorde me unna på nok ein time. På vegen passerte me bl.a. Helsfyr (wuhuu! Nok ein t-baneendestasjon i samlinga), Vålerenga (utruleg vakkert der faktisk; grundig Kardemommebypreg.)
og Grønland.
Klokka var 2:30 då eg endeleg kunne sliten, tilfreds og øydelagd i høgre ankelsenar bretta dyna over meg.
Javel! Fina vere!
Nå har eg smått om senn begynnt å bli vand med det noko ublide regnveret som av og til rammar tigerstaden. Som vaskeekte (ordspel wuhuu) sørvestlending er eg jo relativt godt vand med regnver og vatn generelt, men likevel er regn i Oslo noko heilt anna enn heime.
For det første: Regnar det på Finnøy, så regnar det som regel heile dagen, eller himmelen er i det minste grå og tung. Slik er det ikkje her. Her kjem regnet som det vil. Skyene luskar hit og dit og tek plutseleg til å spyla oss for fullt. Sjølv om det er sol og nærast skyfritt på formiddagen er det uklokt å la regntøyet og paraplyen vera heima dersom Kristen Gislefoss har sagt at det skal koma regn.
For det andre: Skur på sørvestlandet og skur i Oslo er to vidt ulike ting! Er det skur heime, kjem regnet først litt, så kraftigare og til slutt kjem kanskje ein stor utblåsning. Dette held verskyene over hovudstaden for gode til. Lik ein uvitande kar som vil tøffa seg på treningsstudio gjer dei bånn gass med dei hardaste vektene utan oppvarming; regnet deisar ned utan særleg forvarsel. I går var eg på jobb på Grønland torg då eg plutseleg høyrde ein høg plaskelyd. Eg blei litt forvirra sidan eg ikkje kjende regnet mot huda mi. Då eg såg bort der lyden kom frå såg eg at det faktisk hølja 10 meter frå der eg stod medan eg var i ein tilnerma torr sone. Sært.
Ein annan ting ein legg merke til i Oslo dersom ein går forbi lyskrysset nedanfor slottet ved nasjonalteateret når det regnar kraftig er dei ekstremt sandete veggrøftene. Svære vollar av raud sand ligg i vegkanten medan regnvatnelvane er raude av same sand. Denne sanden kjem frå slottsplassen og slottsparken. Er ikkje det litt stusseleg eigentleg; at kongen, Norges statsoverhovud, har grus i oppkjørsla si? Singel er jo slikt folk som nettopp har bygd hus har til di har betalt ned gjelda og kan ta seg råd til hellesteinar eller liknande. Difor tykkjer eg det er litt flaut for kongen sin del at han ikkje har singel eingong, men kun pinglete raud grus. Vel skal den norske knugen vera folkeleg, men når han får så sjukt mykje i gasje for å snakka med politikarar og reisa på ferie heile året tykkjer eg at enten han kunne teke seg råd til det, eller stortinget kunne kutta gasjen med eit par prosent for å skaffa garden ein tumleplass med fast grunn, eller hur?
Mannesvin og hustling
På laurdag hadde eg min første arbeidsdag som vervar for amnesty. Det var faktisk veldig kjekt. Folk flest er hyggjelege og du får rørande samtalar med narkomane, skumle samtalar med schizofrene og irriterande får-lyst-til-å-ta-balletak-på-vedkommande-og-dreia-360-grader-i-horisontalt-
samt-vertikalt-plan-samtalar med folk som syns at "damene ær sjæl ansvarlie for at dem blir volltatt. Bare se åssen di går kledde. Dem springer jo rundt hallnakne." Eg fattar ikkje korleis folk kan meina at det er kvinna sitt ansvar at ho blir valdteken!? Ka så skjer med folk!? Eg vil helst ta sånne svin og pressa skiten ut av dei, for så å tvinga dei til å eta han opp, medan eg får eit polsk gatemusikantkorps til å dansa jenka på ryggen deira. Makan til idiotar!
Vel, vel. Etter endt arbeidsdag var eg dommar på nm i stein, saks, papir (ssp). Noko som var veldig morosamt. parallelt med hovudturneringa gjekk ein såkalla gate-ssp. der fekk ein ssp-pengar og skulle utfordra andre med desse som innsats. Det var ikkje lov til å takka nei til ein utfordring.
Det artigaste med kvelden var når ein fyr blei forbanna når Kaveh og eg etter sigande hadde hustla han. Det som skjedde var at Kaveh spelte mot han først. Då han tapa, spelte eg mot han. Eg vann tilfeldigvis. Då me hevda at me liksom hadde planlagd dette blei han så sint at han truga med å gå til sekretariatet og greier. Altså seriøst mann; hustling går kanskje i biljard, poker og sånn, men stein, saks, papir?? Skjerp deg!
Etter helga har eg ikkje gjort noko spesielt. Lest litt. Onkel Arne var i byen på måndag og inviterte Lars og meg på pizza. Utruleg snilt av han. Jobba på tysdag og var ein tur hjå Håkon på kvelden. Ellers intet nytt.
-over og ut-
Ang. trådlaust internett
Leil. 501, Staffeldtsgt 2,
Oslo
Kjære Thon Hotell Wergeland,
Lars og eg byrjar å bli ganske irriterte på den dårlege internettforbindinga de tilbyr. Korleis skal Vangen klara å endeleg bli nr 1 i Jumpgear når nettet dett ut heile vegen? Han får kun spelt 6 timar medan han er på jobb. Når me først snyltar på hotellnettet dykkar, kan de iallfall gje oss eit stabilt nett.
Håper de viser forståing for problemet, og at ting vil bli betre i framtida.
mvh,
Øystein
Snorklypping
Eg trur ingen nokon gong har kalt meg teknisk geni (utenom farmor når eg finn fram nrk2 for ho, velsigna ho). Ingen kan heller anklaga meg for å vera særleg oppdatert når det t.d. gjeld moderne internettbaserte tilbud som blogg. Det er difor eg først opprettar min eigen blogg no, som den store bloggbølgja allereie for lengst har lagt seg. Når det er sagt vil eg bare ønska alle evt lesarar velkomne. Tvilar på at de er mange, men det tar eg rennefart og ekskrementerer i. Det som eg vil skriva her kjem heller tvilsamt til å engasjera andre enn mitt ego. Uansett, håper noko av det fell i smak.