Kjønnsdeling? Ja, bitte!
Eg har nettopp hatt påskeferie og derpåfølgjande guttetur til Berlin og Warszawa. Men dette skal ikkje bloggast, sidan det som foregår på SOT (Sangvinerne on Tour) forblir på SOT. Difor vil eg bruka innlegget til å diskutera ei sak som ligg mitt hjarta nært på ein utradisjonell måte. Eg snakkar sjølvsagt om fellesdass.
Fellesdassar er eit stort, sært og unødvendig vonde. Det er slik eg ser det tre store grunnar til dette:
- For det første er det ikkje pissoir på (dei fleste) av desse romma. Manglar denne nødvendige fasiliteten når ein gutt skal gjera sitt nr 1, hender det ofte at ting hamnar alle andre stadar enn i skåla. Dette er ikkje fordi me er skitne, ekle, vondsinna eller uerfarne, slike ting skjer berre. For det første er det vanskeleg å styra høgtrykkspylaren. For det andre kan andre ting som ballongeffekta (forhud klistrar seg til penis) eller erektilt vev forvanska og tilgrisa utspylinga. Personleg er eg ein stolt sitjar, pga dei ovarståande tinga, men eg innser at eg er ein minoritet blant mitt eige kjønn. Så eg trur det vil vera fordelaktig for begge kjønn å ha eit toalett for kvart kjønn, evt installera pissoir på unisexdo. Desse må, av omsyn til dei meir sjenerte av oss guttar, bli plasserte i eit eige avlukke. Dermed får ein også her eit behov for ein viss kjønnsinndeling.
- Det andre argumentet er det sterkaste etter mi meining; nemleg lukt. Tenk deg dette scenariet: Du står og ventar i ein dokø. Ut frå den første ledige doen kjem personen du har eit godt auge til (eller berre ein tilfeldig repressentant for det andre kjønn). Du går inn for å tilfredsstilla dette av dine primærbehov. Når du kjem inn kjenner du ei umiskjenneleg lukt som vitnar om personen du likar si tilfredsstilling av same primærbehov; dritlukt på folkeleg. Synet ditt for personen er nødt til å bli litt endra, enten du vil det eller ei. Kvar gong du ser denne vil du lett kunna tenkja tilbake på lukta, og eg synest iallfall at dette ikkje er særleg flatterande. For mitt tilfelle ville eit evt førsteinntrykk av jenta blitt totalt øydelagd. Ikkje fordi eg er spesielt overflatisk eller lever i ei imaginær verd der jenter ikkje drit, men berre fordi det er ein sær forsvarsmekanisme.
- Argumenta ovanfor kan også ovarførast til lyd. Dersom ein har fleire do attmed kvarandre som ikkje har god nok lydisolering, kan ein komma i skade til å høyra andre sine strabasar med å klemma ut ein vrien kabel (eller tvinga ein unge med vasskrekk ned i bassenget for å bruka Danil sin terminologi). Dette trur eg me kan einast om at er ei oppleving både gjerningsperson og offer helst vil vera forutan. Argumentet gjeld også for kjønnsdelte do som ikkje har god nok isolering (dette er dessverre ei sjølopplevd erfaring der eg var offer. Det var slett ikkje ei fin oppleving)
Så for kjærleiken, framtidige vennskap og vedlikehaldet av populasjonstalet til landet vårt si skuld: Ja til kjønnsdeling av toaletta!
Pent brukt kvinns ønskjast
Sidan det begynner å vårast og folk begynner å yrast synest eg det passar å komma med eit skriftleg utløp for ein til nå liten, men stadig akselererande frustrasjon: min mangel på fast annakjønna selskap.
Eg har no budd ca eitt halvt år i syndens hovudstad, og det utan å finna eit kvinns som kan halda meg med selskap slik Vangen ikkje kan, endå han gjer så godt han kan. For å illustrera urettferdigheita vil eg samanlikna meg med någen av mine medsoldatar på sevheim.no, i klassen, i vennegjengen og elles:
bill.mrk. høg, kjekk og snart desperat lege(student)

- Vangen - har dama.
- Kjetil - har dama
- Oddvar - har dama
- Tore - har ikkje dama (kanskje ikkje så merkeligt siden Tore sine sjekketriks f.eks. er å spela serenadar med tromme) i tillegg har han ALLTID eitt eller anna på gang med ei eller anna.
- Kåre - har ikkje dama (men han har garantert ein bloggflørt med ei viss kvitveis. cybersøtt!)
- Far - har dama
- Odd - er for liten for å ha dama
- Kaveh - har dama (og det trass i han sa dette om den førre jenta han prøvde seg på "ho er søt, men ikkje klassisk pen. Meir sånn komt ut av Tsjernobylulykka på ein heldig måte")
- Danil - har dama
- Jon-Anders - har ikkje dama
- Stian - har ikkje dama
- Kongen - har dama
bill.mrk. høg, kjekk og snart desperat lege(student)
Lommetørkle/snytepapir/lommeplagg
Kva er det som får til vanlegvis oppegåande folk til å stadig stappa nyblåst snått og snørr i lommen kun innkapsla av eit 15 cm2 stort og 1/3 millimeter tjukt tøystykke?
Det som kjem inn, må koma ut (men for all del ikkje samstundes!!)
Ok, dette er det som skjer: Eg tek ein meir eller mindre velfortent pause frå lesinga i lesesalen for å gå på dass. Eg går difor opp trappa og inn i eit av dei blå boksliknande romma i 2. etasje og går inn døra til det aller heilagaste. Medan eg står der ser eg tilfeldigvis ned i bossbøtta, og kva får eg sjå? Sikkert 2-3 tortillawrapspapir som dei som me kjøper i kantina er pakka inn i. Er eg den einaste som synest dette er i overkant sært? Kven hiv matavfall på dass? Eller meir interessant: kvifor ta med mat på dass i det heile?
Argumentet med at dette kunne vera næraste bossbøtte er uhaldbart. Det er nemleg bossbøtter rett utanfor. Ergo må gjerningspersonane difor ha gått inn i avlukka medan mat enno var oppi innpakninga.
Ei anna forklaring kan vera at ein eller annan har ete i ro og mak før personen føler at her går det for fort i dei mukøse tarmsvingane. Personen ser ikkje noko anna val enn å setja kurs for dass. Han/ho tek med tortillaen sin, som det ikkje er så mykje igjen av likevel. Dermed vandrar personen opp mot dassen med maten i handa. Han/ho går inn, men har då ete opp maten sin og kastar bosset i bosskorga FØR han/ho sett i gang med å utføra turens mål.
Historien over kan høyras ut som ein grei forklaring. Men det er nemleg eit bevis som feller også denne forklaringa. For, mine damer og herrer, eg må minna dåkke på at eg såg eit FLEIRTAL av tortillapapir! Eg synes det høyres svært merkeleg ut å drassa med seg allereie tomt papir rundt omkring for så å kasta alle 3 på ein og same stad som tilfeldigvis er på dassen. Det er også svært usannsynleg at 3 personar har gjort nøyaktig det same som skildra i forklaringa over. Pga denne argumentasjonen kan me trekkja sluttninga at ueten mat blei teken med på toalettet. Sidan det ville vera enno meir sært å eta ein heil tortilla++ ståande på dassen, må me kunna slå fast at både inntak og utslepp av mat fant stad på same tid (hei, dette blir jo nesten ex phil jo!). Ergo har me ein person på domus medica som går på dass med niste! Og til deg har eg kun ein ting å seia: Med mindre du har eit uhyyyyyre raskt fordøyingssystem, er du ein sær, sær, sær person som manglar visse begrep om hygiene som burde kvalifisert i at sosial- og helsedirektoratet burde sparka deg på hovudet ut av lege-, tannlege- (æsj, æsj, æsj, eg ber om at det ikkje er det du går på) eller ernæringsstudiet! Eg vemmes!