Farvel Nairobi

Då var me klare for å forlata Nairobi: byen du ikkje forlet foer den har forandra deg, som Hamsun ville sagt. Me har opplevd ein del dei siste dagane. I går for eksempel kom me koeyrande rett etter jobb og stoette på ei bilulukke. Ei kvinne var svaert dårleg, og me måtte vera ambulanse. Ho kom etterkvart til hektene, men det er uvisst korleis det til slutt gjekk sidan ho blei overfoert til eit stoerre sjukehus.

I dag var me med på eit matprogram for HIV-ramma i ein av dei fattigaste slummane i Nairobi. Det var svaert roerande å sjå desse lutfattige, sjuke kvinnene syngja og dansa ei stund foer dei fekk sin rasjon på ca 2 l ris, 1 l mais, 1,5 l guleroeter, ein stor neve boennesort, ein stor neve agurk blanda med anna groent, 4 små halve graskar, 5 purreloek, ein neve annan purre og chilli til dei som ville ha. Dette skulle halda til 3-4 dagar for ein heil familie (mange hadde over 10 ungar!). Mot slutten av seansen kom ei av kvinnene som allereie hadde fått mat tilbake med 3 smykker ho hadde laga til oss. Dette var roerande og me kunne ikkje fått sagt nok takk. Og på  vegen heim sprang ungar etter bilen vår og vinka til oss, dei kvite menne i kvite klede. Lurer på kva dei tenkjer om oss. Ser dei på oss bortskjemde bedagelege nordbuarar som kvite englar? DET er ein sjuk tanke som dette oppholdet har laert meg å forstå litt av kor stor denne sjukheita er.

Dette opphaldet har vore svaert laererikt for meg, som sagt. Eg har sett mykje sproeyter; blitt nokonlunde gode til å treffa blodårer med nålene; blitt veldig god til å ignorera barnegråt når ein vaksinerer; laert masse infeksjonsmedisin; laert litt swahili. Men viktigast av alt er denne klisjeen: eg har sett ein fattigdom eg har sett på  tv tusen gonger, men aldri har teke inn over meg skikkeleg. No har eg fått ein oerliten forståing av denne, og det er lite behageleg, men du så noedvendig og laererikt!

Bak et halleluja

Eksamen e øve! Beklage at bloggen har vore nere, men d har pigede ein gronn! Nå komme vel regne snart itte me har såde inne i ein lesesal som holde 30 grader, tung loft og 100 svette medisinstudentar. Men d gjer sje så møje si Rune og eg sga eiga enten Madeira elle Kroatia evt någe aent. Ellers sga eg spela masse final fantasy. Halleluja halleluuuuuja!

Heilt magisk

Av og til (les: ofte) blir eg lei av pugg. Aktivatorar, inhibitorar, capping, promotarar, metabolismar og strukturformlar blir mykje i lengda. Tenk så greit dersom kjemi og annan vitskap hadde blitt bytta ut med magi. Då hadde lesinga blitt mykje enklare!

Eksamensoppgåve:
Forklar korleis glukoneogenesen og sitronsyresyklusen er avhengig av kvarandre i leveren.
-Svar:Glukoneogenesen startar, samtidig som sitronsyresyklusen stoppar i levaren pga samhandlande magi.

På doktorkontoret:
Pasienten: Eg har så vondt i venstre side oppe med brystet.
Dr Bergøy: Det høyrest for meg ut som du har pådrege deg eit leit tilfelle av svart magi i milten.


    Per i dag er det berre på eit felt og berre på ein stad i verda denne drømmesituasjonen er praksis.

Seksualopplysning på ein ungdomsskule i USA:
Eit barn blir til ved magi ni månadar etter ein mann og ei kvinne har blanda tryllestøvet sitt.

Ting som får det til å bli varmt - del 1: kollektivtrafikken

Irritasjon er ein underleg ting. Det  er små, tilsynelatande harmlause, ting som f.eks. ein urytmisk dryppelyd som kan få kroppen til å reagera som om det var på eit dundrande hifi-anlegg som stod ved sida av deg. Eg må innrømma at eg er av dei som irriterar seg mykje over små og store ting og i mange ulike kvardagskontekstar. Eg vil forsøkja meg på ein irritasjonsserie, der eg vil ta for meg ulike irritasjonsmoment (ein lang bloggpost hadde blitt alltfor lang).

         Lat oss starta med kollektivtraffiken. Få ting måler seg med denne djevelens arena når det gjeld irritasjon. Ser me nort frå for seine og for tidlege avgangar er det fortsatt uendeleg mykje ein kan fora sitt kjære raseri med.  Det kan vera ein gjeng med sossefjortisar som sit fulle og gapar klokka 19 ein fredagskveld på banen. Eller det kan vera trikkeføraren som finn det for godt å køyra når du har spurta 100 meter og står og trykkjer som ein gall på opnarknappen ein meter på andre sida av glasruta hans. ÅÅÅÅ, slikt får det til å koka inni meg! Men det verste med kollektivtrafikken er.. nei, forresten er det to ting som er på første plass. Det er dei folka som går på før du har gått av. Men kanskje aller verst er dei som står utanfor trikken, bøyar seg ned og febrilsk trykkjer på opneknappen (trikkane har ein knapp på dørene du må trykkja på for at dei skal opna seg både innanfrå og utanfrå) når du står med fingeren på opneknappen inne og er på veg ut. Kvifor gjer dei det? Det ser bare dumt ut! Prøver dei å hjelpe meg? Trur dei ikkje at eg har klart å knekka den uhyre innfløkte koden rundt opneknapp-mysteriet? Gje meg styrke, som eg hatar slike folk!

Human flesh!

Eg har no skore i mitt første levande menneske! Dette skjedde på praksisen denne vegå. Praksisdoktoren vår, han som me får vera me på jobb og som forøvrig er frå Jørpeland, sendte oss inn åleine til ein pasient med orda: "eg sga bare ta meg av denne pasienten her. Kan sje dokke bare gå inn og ta ud ei flis av foden t den neste pasienten?" Simen og eg gjekk med på dette.

Då me hadde konsultert pasienten fekk me vita at det var eit glasskår som hadde vore inne i foten til vedkommande i halvannan veke. "E d greit me prøve å henta de ud?" spurte eg. Pasienten samtykka ganske uten å tenkja seg om. "Fine! Vett du om der e skalpell her Simen?" Det var det ikkje, og Simen, snillheita sjølv, gjekk og henta utstyret. Ettersom eg var den einaste av oss som ivra etter menneskekjøt, fekk eg skjera. Utan bedøving sjølvsagt. Den einaste erfaringa eg hadde var ei økt rottedissekering med saks.

Då eg hadde skore eit lite snitt kom eg ned til glasskåret. Dette var ein god del djupare enn me først hadde trudd. Småsvetten meldte seg og eg byrja å vri meg litt på stolen. Kva skulle eg gjera? Eg hadde kutta opp pasienten sin fot utan at eg kunne få ut skåret. Djupare kunne eg ikkje gå. Ikkje utan bedøving. Det ville også bli for flaut å seia at pasienten skulle venta i 10 min på doktoren med eit kutt i foten. Eg pitla litt i såret og fekk opp litt brun gugge, men eg fann ut at det ikkje var forsvarleg å prøva å få skåret opp. Det var fare for at det kunne gå djupare. Dermed såg eg litt fortvila opp på Simen før eg forklarte situasjonen og spurte om det var greit at me venta på doktoren. Oppegåande som pasienten var, ville vedkommande sjølvsagt ikkje takka nei til spørsmålet mitt og invitera meg og skalpellen atter inn under sitt epitelvev. Me venta.

Då doktoren var ferdig med sin pasient, blei pasienten teken med inn i eit anna rom og fekk bedøving. Deretter skar han eit ganske greit kutt i foten til pasienten. Så langt var ting bra. Eg hadde gjort det rette følte eg. Difor blei overraskinga og bekymringa stor då doktoren spurte oss "E du sikker på at du ikkje fekk d opp? Eg ser ingenting her." "Hjelpes! Har eg drede meg ud nå", tenkte eg. Eg svarte at eg var temmeleg sikker på at eg ikkje hadde det, og at me definitivt hadde sett noko der. Simen bekrefta dette. I tillegg hadde eg kjent det med skalpellen. Då 30 sekund hadde gått, doktoren hadde spurt oss 3 fleire gonger om me var 100% sikre på at det var noko der og eg hadde prøvd å gjera meg usynleg 2 gonger, fann han heldigvis glasskåret. Du og du så glad eg var. Eit øyeblikk var eg sikker på at me hadde skore i den stakkars pasienten sin fot forgjeves. Det hadde heller ikkje sett ut som at bedøvingssprøyta var særleg kjekk å ha leikande rundt i foten.  Men det gjekk bra og me fekk skrøyt.

Kva lærte den dagen? Skjæring i menneskekjøt er gøy !

Overnasjonalitet

Første nettbaserte avsløring av mi seriøse og politiske side:

Eg var på ein ganske bra konferanse i helga som omhandla globalisering. Globalisering er eit tema eg er heitt oppteken av og er inne i ein fase der eg ser meg nøydd til å revidera heile mitt syn på dette temaet. Før var eg nemleg sterk og ivrig motstandar av all form for globalisering. All overnasjonalitet var i følgje mi meining verket til styggen sjølv og ville berre føra til udemokratiske avgjersler tekne av eit par karar på den såkalla toppen av ein organisasjon.

No er saka annanleis. Eg ser ikkje lenger på reglar som gjeld alle eller avtalar som alle land må føya seg etter som eit onde. Tvert om trur eg at det er einaste måte ein kan få bukt med fattigdom, urettferd og miljøproblem. Dersom ein ser på alternativet, som er avtalar mellom to land (bilatterale avtalar) eller fleire land (multilatterale avtalar), men som ikkje gjeld alle og som ikkje er stabile, vil dette lett kunne føra til urettferd for fattige og svake statar. Me ser det i dag særleg i WTO der små statar blir tvungne med på å godkjenna ein avtale dei er imot pga rike land truar f.eks. med å kutta bistand. Me kan ikkje la verda vår vera prisgjevne kva dei rike landa finn for godt! Difor meiner eg at overnasjonale reglar ang handel og miljø er vegen og gå. Slik kan ein også koordinera bistand i større grad slik at det ikkje blir fleire land som pøsar inn pengar ein stad i eit kort tidsrom, for så å trekkja seg ut igjen og etterlata seg eit organisatorisk vakum.

Men ein ting MÅ endras: fokuseringa til dei noverande overnasjonale selskapa. Dei meinar at frihandel er løysinga på alt. Frihandel er kun løysinga på ein ting: Korleis kan rike utnytta og behandla miljøet og dei fattige mest mogleg urettferdig? Målet til WTO, verdsbanken og IMF bør vera å hjelpa folk ut av fattigdom gjennom rettferdig handel, ikkje frihandel!

Filosofi og forbandet løgn

Eg blir irritert av filosofar. Kven bryr seg om kva fornuft eigentleg er? Har ein filosof tilført det moderane samfunnet noko anna enn død og negativitet? Sosialdarwinismen var f.eks. eit påskot for nazistane til å utrydda "dei svake og avvikarane" i samfunnet. Filosofar er ein gjeng late kvasiintellektuelle løgar som brukar påfuglord for å kverulera om ting som folk trur er faste og kjære haldepunkt i livet deira, for så å skriva bøker om det og tena pengar på dei pga andre late akademiske folk er dumme nok til å studera og tolka dei.

 


"Alt er illusjon." Kva så Platon? Me lever no som om det ikkje skulle vera det. Kva godt kunne det overhovudet koma av å filosofera rundt dette? Ingenting!


 

"Å sjå på meg! Eg vil etablera metafysikken som eigen vitskap!" Gløym det Kant! Filosofi vil aldri bli vitskap. Det er reint tidsfordriv for folk som ikkje kan gjera eit heiderleg dagsarbeid.


 

Hume, Kant, Nietzsche og Darwin klypp dåkke og få dåkke ein skikkeleg jobb! Slutt å prakk dei søkte tankane og regnbogespråket dykkar på meg. Og for all verdas skuld UiO, få ex phil vekk frå studieplanen! Kven treng det? Kva lærer det meg? Nada, niks, ingenting!

 


Og Ole "mr eg er akademisk" Gj3lsv1k (koda mot googling) meiner du "spesiell", så vær så snill og skriva "spesiell" og drit i "partikulær"! Makan!

 

 


Humanbiologi

Fritt etter "Action" av Jokke

Det er midt på dagen, men det er ikkje lyst.
Det er midt på dagen, men eg er så trøtt.
Lesesalen er stille og motivasjonen er slutt.
Alt eg kan høyra er lyden av ring 3.

Det er midt på dagen i ein lesesal som er mørk.
Det speler inga rolle, mine auger er vrengt.
Eg høyrer byen, langt der borte.
Eg høyrer byen, men eg ser ikkje noko action.

Eg venter på action. Action. Eg ser etter action, men alt eg finn er merketusj og ekstra bly.
Action, action. Eg ser etter action. Det som dreper meg er humanbiologi.
Ja, det som dreper meg er humanbiologi.

"Hei, eg komme frå amnesty. Har du 2 minutt?"

"Kan du ikkje slå dei, bli med dei" er ein velbrukt, men akk så god klisjé. Eg har no innsett dette og fekk skaffa meg intervju (takk igjen Håkon) hjå Amnesty Norge for å prøva å få meg jobb som gateselgjar --sidesprang---> no må ingen tru at eg ikkje liker amnesty og alle dei flotte menneska som arbeider der. Eg siktar sjølvsagt til alle andre innpåslitne vervarar---opplukking av den raude tråden---> Uansett, på intervjuet var eg så heldig at eg blei vogen og funne akkurat passe, og eg får byrja på prøvetid!

Blant min indre sirkel har eg fått eit par spydige bemerkningar om kvifor eg skal vera dugande til å framstå som seriøs vervar for verdas største menneskerettsorganisasjon. Det blir kanskje ikkje alltid så lett å overbevisa alle at eg slett ikkje vil selja hasj, men faktisk snakka om å redda samvitsfangar. Men alt i alt trur eg at jobben kjem til å bli stas.

Så bare pass dåkke, og vær snille med meg. Elles kjem eg rundt midnattstider og bankar på vinduet ditt og ropar: "HEI! EG KOMME FRÅ AMNESTY! HAR DU 2 MINUTT?!!"

juli 2008
ma ti on to fr
 
1
2 3 4
5
6
7
8
9 10
11
12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31