Topp 3 gatenamn i Oslo

1. Johnny Svorkmos veg - i Groruddalen sjølvsagt. Oppkalla etter "Johnny fra Stovner". Dersom ein eller annan kan fortelja meg kven erke-Johnnyen er, ville det vore konge

2. Problemvegen - veg på Blindern Campus

3. Inkognitogata - Ambassadegate og rikmannsstrøk på Frogner


Andre forslag blir mottekne med stor takk!

Topp, botn og ymse frå sommaren 06

Lister og rangeringar er kos. Her er mi rangering av sommaren min 2006.

Topp 5:

1. Albania: Vangen foreslo på danskebåten, første dag av interrailen, at me måtte innom Albania sjølv om landet var utanfor interrailsamarbeidet og kun kunne nåast med buss. Dette angra iallefall ikkje eg på. Hyggelege folk, sjarmerande og støvete hovudstad, folk som tok flatt av og fyrte opp fyrverkeri midt i gata då Italia vann VM, løgen så prøvde å lura oss med å ta overbetalt på Budda bar, ho dama i kebabkjellaren som trudde Vangen og eg var frå Russland, ho som berre kom bort til meg og ba meg ut og bussjåføren som stoppa rutebussen frå Makedonia til Albania fordi eg måtte pinkla gjer Albania til eit høgt prioritert reisemål i framtida.


2. Dropkick Murphy's på Storås: Jakob og eg blei i ekstase då me fann ut at DKM skulle til Norge. Storås blei likevel ei blanda oppleving. Drittver, kraftig magesjau og pur depresjon fordi me var nøydde til å overnatta to netter i eit begredeleg telt før me kunne få sjå Bostons store søner gjore sitt for å prøva å øydeleggja stemninga. Men på dagen då Murphy's skulle spela blei eg mirakuløst bra og slapp dobesøk den dagen. Etter å ha pina oss gjennom eit forferdeleg trøndersk liksomhumorband for å kunne stå fremst då DKM spelte, kom endeleg dei irske amerikanarane på scena og leverte kanskje den beste konsertopplevinga eg nokon gong vil få. Litt nedtur når du er 19 og berre vore på eit titals konsertar. Å komma opp på scena og synga "Skinhead on the MNTA" med Ken Casey og etterpå snakka med han var heilt ubetaleleg! Let's go Murphy's!!


3. Bading i Lauvsnesvatnet med lillebror: Rett og slett pur kvalitetstid, idyll og nasjonalromantikk!


4. Krakow: Flott by, sjefs jazzklubb, små og intime kjellarar og koselege folk.


5. Bled: Slovenia sin ekstremsportshovudstad. Sjølv om raftinga var litt nedtur pga slakk elv, var canyoninga og paraglidinga konge! Når me i tillegg bur i ein koseleg liten by med ein stor innsjø omgjeven av vakker, vakker natur og folka var utruleg vennlege og imøtekommande, er ikkje livet dårleg.


Botn 5:


"Eg e me på alt udenom drab, ekteskap, homosexual activity og...:"


1. Golden Sands: Forbanna danskjæklar som ville sloss var heilt klart ein ting me kunne vore foruten på interrailen. Potetsvelgarar!


2. Rumensk toginformasjon: Greit nok at dåkke legg ned den einaste togruta frå Bucaresti til Varna, men då får dåkk pigede meg ikkje sei at det forstatt går!! Soggene på informasjonen på togstasjonen i Bucaresti gav oss tidspunktet toget til Varna skulle gå, men då me kom attende etter å ha hatt ein kikk i byen, fekk me beskjed om at "neidå den togforbindinga blei nedlagd for ei stund sidan... men eg kan køyra dykk til grensa for x-antal euro". Er det muligt?! Unngå å gje informasjon fordi du trur at folk då vil stola nok på deg til å la deg køyra dei mot betaling til ein stad dei kunne teke eit tidlegare tog til? Gratulera med dagen og verdsrekord i hjernevakuum. Eg blir provosert av å tenkja attende på det. Klokka var nemleg rundt stengetid for stasjonen og me måtte venta til neste dag for å kunna koma oss til grensa til Bulgaria. Resultatet blei at Lars og eg måtte overnatta på stasjonen. Men fekk me lov til å sova? Sjølvsagt ikkje stasjonsvakt Benito Shimmy Tytteberpoliti Mussolini sa at det var uaktuelt at begge sov; kun ein om gongen. E d muuuuligt!? Iallfall ein by eg ikkje skal tilbake til om det så smelle på Rennesøy.


3. Magesjau: 3 veker på dassen med Aust-Europeiske bakteriar i abdomen er ikkje kult.

4. Ligga i telt på Storås med magesjau: Seier seg sjølv at er særdeles ukult.

5. Trafikken i Bucaresti: Medan togstasjonen bare var onnas, var trafikken verkeleg livsfarleg. Eg overdriv ikkje dersom eg hevdar at eg var verkeleg nær dauden 2-3 gonger. I Bucaresti betyr ikkje grøn mann og gangfelt at det er trygt å kryssa gata. Dei er berre blinkar slik at hovudjegarane i bilane har noko å sikta etter.

Andre ting som fortener å få vera med i dette året si sommaroppsummering:

1. Full penetration with the latest technology: Ikkje veit eg kva det er og eg tviler på at eg har så lyst å få vita det heller, men det var visst på repertoiret til ein strippeklubb i Budapest. Iallfall i følgje innkastaren som ville ha oss inn der. Eg trur me er glad for at me avsto tilbodet.

2. Vasspipe: Vasspipe med ulike fruktsmakar (ikkje ulovlege vel og merke) på restauranten Shiraz i Budapest må prøvast.

3. Sovesalar på ungdomsherberge: Du så sosialt!

4. Vangen og hårklypp i Albania: Ka så skjer? Lars, som forgudar håret sitt over alt, let seg klyppa i Albania av ein som ikkje forstår eit ord engelsk. Det hjalp ikkje uansett kor mykje Lars sa "Cool!" og peika på håret sitt.

desember 2006
ma ti on to fr
1 2 3
4 5 6 7
8
9
10
11 12 13 14 15
16
17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
img