Out of Africa

Saa va turen komt mot slutten (ikkje sjaa ned paa meg pga den klisjefulle overskrifta). Det har vore litt vanskeleg aa faa tak i internett paa ei stund, saa eg skal ta ein rask oppdatering paa den siste veka.

Etter Lamu tok me buss ned til Mombasa og var der i 2 netter. Det var kjekt aa faa sjaa byen, men det var daa ogsaa det einaste.

Saa sette me oss paa bussen ein gong til. Denne gongen reiste me over grensa til Tanzania. Me endte opp i ein by som heiter Arusha, og ligg nord i landet. Her var me ogsaa to netter. Denne byen er kjent for 3 ting: rettslokala til oppgjeret etter borgarkrigen i Rwanda ligg her; det er eit fint omraade aa gaa tur i; og den er proppfull av folk som vil ha deg med paa sitt hotell, sin safari og sin taxi ("touts" paa engelsk). Det var ein litt stressande ankomst med desse plagarane som moette deg paa bussen, men den gaaturen me hadde gjennom smaa landsbyar og inn eit juv til ein imponerande foss, var verdt det!

Siste stopp paa denne turen var Zanzibar (der me er no). Stonetown er saa eksotisk som folk seier, og strendene er saa fantastiske som dei samme nevner i samme andedrag. Me 3 guttane bur no paa ein feriestad ved stranda som er perfekt for forelska par, saa me kosar oss stort.

Men med 2 dagar igjen av turen (og begge av desse gaar med til reising), er me alle klare for aa reisa heim. Turen har vore spennande, morsom og ein berikelse (ja, me sparar ikkje paa klisjear her som sagt).

Det gledas seg over ein laag sko til aa sjaa alle kjente igjen!

Naivaisha og Lamu

Det gaar litt lenge mellom nettilgangen no, saa egt faar prøva aa ta ei god oppdatering sidan sist.
Me har altsaa forlatt Nairobi. Første stopp paa reisa var Naivaisha halvannan time nordvest for hovudstaden. Byen ligg i rift valley ved ein innsjø. Etter ein irriterande tur med matatu der me blei heftig overprisa (men eg fekk daa kalla ein afrikanar (matatukonduktøren) for "rascist" for andre gong, pluss eg fekk slengt inn ein "your mother should be ashamed of you''. Saa det var jo ikkje saa gale at det ikkje var godt for noko), kom me omsider fram til byen. Der tok me første matatu til andre sida av innsjøen der alle overnattingsmoglegheitene er (iallfall dei som er verdt pengane). Ved Naivaisha ligg det ein nasjonalpark som heiter Hell's Gate. Vakkert namn og vakker park. Det som var spesielt her var at me kunne syklla gjennom heile parken. Naar me ville kunne me gaa av syklane og prøva og komma tett innpaa dyra. Einaste rovdyra her er ein og annan leopard, men dei er sky og jaktar kun om natta. Aa sykla i ein slik park kan anbefalast. Det var veldig deileg aa gjera noko slikt etter kun aa ha vore i Nairobi og køyrt bil. Det at me fekk klatra opp ein 30-40 m høg knau, samt den ufatteleg vakre utsikta fraa slutten av sykkelturen, gjorde ikkje ting verre.
Etter to netter i N reiste me til kysten og Lamu. Ein liten digresjon eg vil fortelja om utspelte seg i Naivaisha by. Me hadde teke ein matatu (maatte arbeidarane i denne industrien staa øverst paa Lucifers VIP-liste) til byen, og hadde nok ein gong betalt for mykje. Men etter krangling paa matatuen og ein gryande mob-danning i Naivaisha by (eg spurte matatukonduktøren korleis han hadde likt aa faa spesialpris i Norge berre fordi han var kenyanar, og ein fyr me ikkje kjente som var ein av dei som stod rundt oss brølte "I wouldn't like it!"), gav han opp og gav oss pengane att. For ein seier!
No er me altsaa i Lamu. Dette er ein by paa UNESCO si verdsarvliste, og er ein by der swahilikulturen er svaert godt bevart. Det er ogsaa svaert faa turistar pga uroen i Kenya nokre maanadar sidan, saa det er veldig spesielt aa vera turist her. Av tinga me har opplevd her, vil spesielt ein ting staa sterkt i minnet. Det er ikkje sol, strand, framand kultur, esel i gatene, kardemommeby, øyer der folk nesten aldri ser turistar og følgjer etter deg overalt og gladeleg fortel alt du vil vita gratis eg tenkjer paa (tenkjer du blei misunneleg no ja). Det er møtet med verdas daarelgaste guide.
Det er litt risikabelt aa proklamera slike ting som sensasjonelle, pga det er vanskeleg aa forklara kor sensasjonelle dei nettopp er utan at ein har faatt med seg stemninga rundt. Men eg prøver. Verdas daarlegasdte guide er guide ved museet i Lamu. Me var paa sightseeing i byen og kom innom museet. Straumen var gaatt (noko den gjer her med jamne mellomrom, saa det er litt risikosport aa blogga. Men eg har høyrt av ho som jobbar her at "we sometimes have a generator", saa det er vel betryggande). Guiden spør om han skal visa oss rundt (det strides litt om vedkommandes kjønn, men eg er temmeleg sikker paa at individet kan staa og tissa. For alle som har sett filmen "det femte element", kan eg fortelja at han likna paa han brune, eksentriske transen). Me takkar ja, dersom det er gratis. Det er det. Saa kjem det aa begrunna kvifor guiden vaar var verdas daarlegaste, for eg reknar med at den tittelen ikkje er lett aa faa annarkjenning for. Daa me gjekk rundt fortalte han akkurat det som stod paa lappane ved sida av det utstilte (greit nok, tenkjer du. Det maa jo vera eit absoluttkriterie for ein daarleg guide). Han fortsette med aa heile vegen seia "if there had been light you would have seen blablabla". Saa langt standard daarleg. Men det var saa at me verkeleg oppdaga at han kunne gaa heilt til topps i tittelen. Eg ar ikkje for hardt i naar eg seier at han ikkje kunne svara paa meir enn eitt av ti spørsmaal. Blant desse han ikkje kunne svara paa var bl.a. "naar slutta ein aa arrangera ekteskap her?", "har det vore nokre krigar her?", "naar trakk Portugal seg ut som kolonimakt?" ++ Som om ikkje det var nok, toppa han det med desse to svara: paa eit spm fraa Nikolai (som han spurte for tøys) om kva ein gjenstand var (paa plakaten stod det rhino-hide shield, altsaa skjold av nasehornhud), kunne han ikkje svara. Og klimakset kom daa eg spurte om kva folkeslag som budde her foer Swahilifoket. Svaret hans var "their mothers and fathers". Daa han i tillegg stilte oss testspørsmaal fraa ting han hadde sagt ("you, what was the first tribe I told you about?"), spurte "are you bored" heile vegen og var like engasjerande som ei kokebok paa tysk, var me ikkje i tvil. Applaus til deg, verdas daarlegaste guide. Eg anar ikkje korleis du faar det til, men sug, det gjer du.

Safari

Tilbake frå safari. Me var i Masai Mara på grensa til Tanzania og Serengeti i 2 netter. For ein bondeson og to byguttar var veldig stas å sjå så mange gjeve og eksotiske dyr. Me overnatta i ein teltleir som hadde bl.a. denne innskripsjonen på inngangsporten ''[leiren] are not responsible for any injury or death that may occur inside or outside of the camp ''.  Men me hadde heldigvis eit knippe masaiar (folkeslag frå området) som passa på oss med pil og boge og varta oss opp veldig bra. Då ein apekatt stal kjeks av oss fekk me f.eks. ein stav som dei brukte å slå desse jungelrottene med.

Blant hoegdepunkta var heilt klart å foelgja ei holoeve eit stykke til ho brakte oss til mannen sin. For eit dyr! På tilbakevegen fekk me også sjå ei anna holoeve knasa i seg ein sebra. Ikkje akkurat som å sjå ei ku eta kraftfor med andre ord.

I dag tidleg stod me opp kl 05.45 (eg skriv det i tal for å framheva kor tidleg dette var for meg) for å sjå soloppgangen i nasjonalparken. Dette var meget vakkert og malerisk med sola som titta opp bak eit fjell med grasande sebraar og einslege tre i framgrunnen.

Det var likevel godt å vera tilbake i Nairobi og få dusja av seg 3 dagar i bil på stoevete vegar, og å komma seg unna.

No har me 3 dagar igjen av prosjektjobbinga igjen. Etter dette skal me nok ein liten tur inn i landet foer det blir kyst og bading.

Malaria, vaksine og antibiotika

Det har skjedd ting sidan sist. På klinikkane får me gjera mykje! Onsdag stod me for vaksinasjonsprogrammet for spedbarn i Mathare. Me var ikkje så reint lite stolte av at me gjorde alle injeksjonane, veiinga og nesten alt skrivearbeidet sjoelv med ein labteknikar som forklarte oss kva me skulle gjera samt fungerte som tolk i dei tilfella der mora ikkje kunne engelsk. I tillegg har me laert labarbeid med påvising av ulike sjukdommar som malaria (det er det MYKJE av her), tyfoidfeber (det er det MYKJE av her), syfilis (ikkje så hyppig) og andre tilstanar (det er det MYKJE av her). Ellers har det blitt ein del undervisning frå doktorane om spesielt infeksjonsmedisin. Dei er råe på å diagnostisera, sjoelv om me er vel enige oss imellom at antibiotikaen sit litt vel laust.

Apropos antibiotika; i dag blei eg vekka av Danil i titida. Han fortalde om feberopplevingar om natta og hovudpine. Me har sett såpass mange malariapasientar no at me begge mistenkte dette. Nede på eit sjukehus blei denne teorien avkrefta med eit laboratoriesvar, så Danil gjekk for å konsultera doktoren. Han ville leggja Danil inn. Dette fann me noko absurd sidan han ikkje ser sjuk ut, og det heile minnar om eit resultat av den maten me åt med hendene på ein "pure kenyan" (ein kenyanars ord for å beskriva at det ikkje var kvite der til vanleg) nattklubb dagen foer. Danil sa at han ikkje var interessert i innleggjing og fekk heller utskrive eit arsenal medikament. Blant desse var det sjoelvsagt (trommevirvel) antibiotika. Er det rart det blir resistens?

Vel vel.  Det var vel det viktigaste eg kjem på i farta. Som eit PS kan det nemnast at i morgon skal me til Masai Mara på safari.

Brev frå Kenya

Javel, så var me i Nairobi. Danil, Nikolai og eg reiste ned her den 26. Juni for å bli med på Kenyaprosjektet. 5 klinikkar i slummen er drevne av den kenyabaserte Provide International, ein NGO (non-governmental organisation). Me har sett MYKJE. Sidan klinikkane er i slummen, inneber "MYKJE" ein god del elendigheit. For å bruka ein klisje (finn ikkje den streken som skal vera over een. Beklagar): ein kan ikkje forstå ordet "slum" foer ein har sett ein. På klinikkane har me vore med på foedsel, manuell opprensk etter spontanabort (utan bedoeving), sett mange med malaria ++

Som sagt har me allereie opplevd mykje. Det er likevel ein ting eg vil skriva litt om. Det skjedde ein av dei foerste dagane.

Etter å ha overnatta første natt, bestemte me oss for å stifta bekjentskap med sentrum. Me tok matatu (minibuss) 48 ned. Det var i sentrum me skulle bli forsøkt svindla. Etter å ha vandra litt rundt, drog den rutinerte opp kartet sitt. "Hello, and welcome to Kenya!" kom det med ein gong frå nermaste mann. Han spurte om me hadde tid og ville bli med på kafe. Me lukta tydeleg lunta, men tenkte det ville vera artig, og blei med mannen bare for å høyra kva triks han hadde. Kort fortalt var han flyktning frå Zimbabwe. Dette var siste dagen han kunne vera i Kenya, og trengde difor pengar. Han skulle til Norge fordi han kjente ein professor der. Han trengte berre komma seg til Djibouti (eit land i naerheten), så ville ein organisasjon hjelpa han vidare. Då me spurte om å få mailen hans slik at me kunne kontakta denne professoren (Han spurte etter vår foerst) sa han at han ikkje hadde (logisk brist der altså). Då han (så klart )spurte etter pengar, sa me  (som delvis sant var) at me ikkje hadde saerleg meir enn til matatuen pga me hadde blitt fråråda å ta med meir. Men han kunne få vekslepengane etter me hadde betalt kaffien. Etter me hadde forlatt mannen, gjekk me eit par meter foer me blei stoppa av ein mann. "I'm from the Kenyan secret service. Do you guys know who the man you were talking to is?" "Fantastisk!" tenkte eg. Mannen skulle sjoelvsagt vera terrorist og me måtte bli med han. Me nekta sloelvsagt og spurte om me ikkje kunne snakka der det var meir folk. Ein "kollega" av mannen kom. "Do we have to put you in chains?" spurte den foerste. Dette er eg sikker på at dobla pulsen min. Men me sto på vårt. Til slutt sa mann nummer to "I'm gonna give you guys a tip. When you are in Nairobi, watch out!" Med desse orda skiltes me. Eg treng vel ikkje seia at me var kjappe med å ta matatuen heim.

juli 2008
ma ti on to fr
 
1
2 3 4
5
6
7
8
9 10
11
12 13
14 15 16 17
18
19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29
30
31