Fordomsekskursjon 2: Fagerborg del 1

Torsdag var det klart for den 2. fordomsekskursjonen. Turen blei denne gongen lagt til Fagerborg vgs, ein av dei penare (med henvisning til folka som går der) skulane i Oslo, ikkje langt frå Ullevål sjukehus. Forskningslaget blei utvida med ytterlegare ein ung og framadstormande medisinstudent, Stian.

Grunnane til at me valgte Fagerborg var: 1. den fungerer som eit godt motstykke til Stovner vgs med tanke på inntekt og iallfall bustad til foreldrene til elevane 2. Kaveh hadde gått der før og var, i følgje han, på god fot med både lærarar og administrasjon.

Fordommane som skulle testas var følgjande:
  1. Folk frå vestkanten og andre velståande stader sine tankar om framtida vil i stor stil gjenspegla foreldrene sitt yrke/utdanningsnivå og den gjennomsnittlege inntekta i deira respektive bydelar (altså: sosseungar vil ha prestigeyrke)
  2. Deira tankar om austkanten vil vera påverka av enten:
a) Politisk korrektheit
b) Arroganse

I tillegg fekk me eit delmål av Kaveh om å unngå å få saus på pizzaen av den lokale kantinemannen, Usman (?), som visstnok var ei tilnærma umogleg oppgåve for nybegynnarar.

Etter å ha lært av våre nesten-feil på Stovner -der den særdeles skeptiske fysikklæraren, viss time me inntok, lurte på om me hadde rektor si tillating- tok me først turen til rektor for å få løyve til å besøka ein klasse. Me flekkte ned eit par spørsmål på eit ark og tok kontakt med rektor. Til spørsmålet om kva me ville, svara me at me var medisinstudentar som hadde ei samfunnsmedisinsk undersøkjing der me lurte på om mål for livet hadde noko med foreldra si utdanning og bustad å gjera (eit svar som i og for seg ikkje er direkte løgn). Me blei tildelt dei siste 10 minutta av engelsktimen til 1. klasse allmenn/studieforberedande/studiespesialiserande eller kva det no heiter.

Då me entra klassen og forklarte målet med undersøkjinga, blei me godt mottekne. Elevane svarte flittig på spørsmåla. Me fekk beskjed av læraren og sjå til at døra blei ordentleg låst etterpå og fekk ansvar for å få alle elevane ut. Elevane tildelte oss også autoritet og spurte oss om løyve til å gå etterpå dei var ferdige. Eg hadde utruleg lyst til å halda igjen klassen, berre for å testa min eigen autoritet, men ein av mine forskarfeller kom meg i forkjøpet og svarte "ja" med gleda til ein fersk lærarvikar.

Spørsmålsarket elevane svarte på såg slik ut:

Spørreskjema for kartlegging av samanheng mellom genetisk og miljømessig disponering
  1. kjønn:
  2. Utdanningsnivå til mor & far:
  3. Bustad (bydel):
  4. Mål for livet (utdanning, sivilt, verdiar o.l.)
  5. Kva meiner du er ulikskapane mellom folk frå austkanten og folk frå vestkanten
Spørsmåla meinte me var ei forbetring frå stovnerspørsmåla. Dei blei også gjort like stovnerspørsmåla for å få fram evt ulikskapar.

Resultata på undersøkjinga vil bli presentert i eit seinare innlegg.

Delmålet som gjaldt pizza utan saus vil eg forklara raskt grunnen til: Usman er mannen som lagar maten , barberar seg og etterpå sel maten (alt skjer i kantina). Usman kjem me merkelege utrop dersom du er for treg fram til disken (noko som kan minna om "jepp, jepp, jepp, jepp" i raskt tempo). Usman er også rask på avtrekkjaren når det gjeld sausen sin, som han oppbevarar i ei klemmeflaske med handskrivne x-ar på (iallfall var det det før i følgje Kaveh). Målet vårt var altså å bestilla pizza, men klara å stoppa Usman i å ta saus på han. Eg var først ute. Kjapp som eg er, klarte eg akkurat å reagera då den kobraen av ei usman-hand reiv til seg flaska og byrja å hella medan han spurte "saus?". Eg fekk på nippet ingen saus. Så kom turen til Stian. Han fekk sagt "ikkje saus" og vifta med armane i nektane rørsler. Det var til inga nytte. Usman klemte hendene sine om tuba og fekk lagd eit fint mønster før han spurte sitt tilsynelatande yndlingseinstavingsord: "saus?". Jon-Anders var like uheldig. Medan Kaveh klarte oppgåva. Eg følte meg tilfreds og særs rutinert av å ha klart delmålet.

Med usmanpizza med eller utan saus i handa gjekk me tilbake til domus medica, enkelte av oss for å lesa ex phil (sukk).

P.S. Dersom nokon har eit ønske eller forslag om kvar neste fordomseksursjon skal gå til, så skriv det som ein kommentar til dette innlegget. Det kan også vera ein fordom du har om Oslo, noko du vil vita meir om eit innan eit spesielt og sært felt som finns eller kan finnast i hovudstaden. Innspel mottas med stor takk og ein god imaginær klem!

Fordomsekskursjon 1: Furuset og Stovner

Frå laurdag 9. september

Fredag hadde eg ein interessant fordomseksursjon til to av dei plassane med mest tvilsomt rykte her i Oslo, nemleg Furuset og Stovner. Eg har lenge hatt lyst til å sjå alle sidene av Oslo; frå dei mest, etter ryktet, lugubre til dei med høgast DN-abonnementstal. Forhåpentlegvis vil eg få avliva fordommane ein gong for alle?


Iuansitt, etter å ha delt ønsket med mine kullkameratar, tilbaud Kaveh og Jon-Anders generøst å visa meg byen. Me avtalte at me skulle ta første tur på fredag i ein stor forelesningspause me hadde då.

Me tok først 2-banen til Furuset. Jon-Anders var kjentmann på staden og viste oss serverdigheitene der: Furusetsenteret og Furuset forum(?). Ingen fordomsekskursjon utan å praktisera fordommane; me måtte jo bare henga på senteret. Først inspiserte me ein av stadane der furusetingane handlar klede: wearhouse. Eg tviler på at eg lyg for mykje viss eg hevder at det ein del av kleda der er nokre av dei styggaste eg har sett. Då me tok bilete av kleda for å dokumentera styggfaktoren, fekk me klar beskjed av dei tilsette at det der var ikkje lov. Det slo oss at det var lurast å trekkja oss vekk, så me skifta tilbake og gjekk til rema 1000 for å sjekka matkulturen på Furuset. Det blei to sånne rundstykke med smelta ost og ein sjokolademelk på meg. Etterpå gjekk me ut og åt maten i hageområdet til eit litt slede borettslag, før me tok 65-bussen til Stovner.


På bussen bestemte me oss for at me ville besøka Stovner vidaregåande for verkeleg å komma inn i stovnermiljøet. Då me kom inn i bygget, blei me møtt av ein gjeng mekkenfolk så prøvde å bera nokre mekkenting opp ei trapp. Det var nesten herlekt å endeleg få oppfyllt ein skikkeleg fordom. For de skulle høyrt måten dei krangla på: "morrachnuller" og "kurderape" er blant favoritglosene eg lærte. Me gjekk forbi dei og søkte lenger inn i bygget. På forhånd hadde me snakka om det hadde vore artig å forsøkja å komma inn i ein klasse og kikka. Me fant ut at den beste måten å få innpass måtte vera å laga ein falsk undersøkjing for eit fiktivt fag. Som sagt så gjort. Me banka på eit klasserom, gjorde entré, presenterte oss som sosialdemografistudentar ved UiO og lurte på om me kunne få 5 min for å gjennomføra ei undersøkjing. Læraren var litt skeptisk til at me ikkje hadde klarert dette med rektor, men me fekk lov likevel. Dessverre fekk me ikkje ta bilete av dei. Heldigvis hadde Kaveh og Jon-Anders funne papir i ein eller annan printer medan eg testa toalettfasilitetane. Dei 3 spørsmåla me spurte var:

  1. Kva musikksjanger høyrer du mest på -> Stovner er ein skule der ein stor prosent av elevane har fleirkulturell bakgrunn (sjå på meg så politisk korrekte ord eg bruker). Den store fordommen min er at den typiske fleirkulturelle høyrer mest på hiphop e.l. Ei oppfatting Kaveh forresten har gjort eit solid forsøk på å endra sjå meg.
  2. Kva er måla for livet ditt -> pur arrogant nyfikenheit. Kva vil eigentleg folk frå nesten ghettofiserte stadar med livet sitt?
  3. Kva tykkjer du om vestkantfolk -> klassisk fordom: aust hatar vest… eller?


Klassen var ein 2 fy-klasse og hadde vel ca 80% med fleirkulturelle røter. Ungdommane var særdeles hyggjelege og pratsame. Ein elev likte dialekta mi, og det er alltid stas. Men når eg skulle sei noko til klassen, forstod dei vel heller lite..


Svara på undersøkjinga var ganske oppsiktsvekkjande på spm 1 for min del. Mange svarte som venta hiphop, men gledeleg mange svarte rock! Det var ein stor stor fordomsavliving for min del. Når det gjaldt spm 2 varierte svara mellom doktor og kriminell. Eit svar slo faktisk saman dei to og svarte "kriminell lege eller plantasjeeier (kokablader)". Ellers svarte mange "bli vellykket", bioingenør eller pilot. Medan ein svarte like greit "mål - utdanning". Det er jo for så vidt eit ganske bra mål. Mitt yndlingssvar var likevel: "Lege, 5 unger, spa kæbe eller høyesterettsdommer". Når det gjaldt vestkanten svarte dei fleste fordomsbekreftane standardting som "sosser", idioter", "overlegne pappagutter", "balleløse sopere" og "nordmenn"(!?). Eit par var likevel politisk korrekte og svarte: "hyggelige mennesker med masse penger" og "...for det meste snille og ærlige, men litt kjepphøye."


Ekskursjonen til nordaustre aust har gjeve meg meirsmak på det utansentrumlege Oslo. Allereie gleder eg meg til neste ekskursjon! Dersom Kaveh får lappen neste tysdag, blir det kontrasttur til Bygdøy. Eg kjenner at eg byrjar å like fordommar! Dei er til for å testas. Det er viktig at dei testas, ellers er dei berre … fordommar.

desember 2006
ma ti on to fr
1 2 3
4 5 6 7
8
9
10
11 12 13 14 15
16
17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
img