Ekte bonderomantikk

Ah det var godt å komma heim i helga! Heim til den vakre øya. Perla i Ryfylke!

Eg tok ei meir eller mindre velfortent langhelg fri for å reisa til Finnøy. 2 forelesningar med helse og kunst (i ein og same forelesning) på fredagen kontra reisa heim på torsdagen gjorde valet lett. Og du for ei fin helg spekka med bondeidyll eg fekk! Me henta inn to av dei siste kyrne som skulle kalva og tok i mot kalvane (ein deformert og daudfødd ein som me måtte jekka ut, men men), eg var med far og molka på laurdagen, og heile familien var oppe på Hauskjevatnet å fiska. Du og du så kjekt det var å få koma seg ut i frisk luft pluss gjera noko skikkeleg arbeid igjen! Eg vil berre takka mor, far og Odd for ei fin helg! Det var utruleg kjekt å komma heim! Det var også kjekt å treffa mange av vennene mine igjen (og temafestar med utkledning er alltid kjekt!).

Ein skikkeleg diabetesblogg denne gongen, men det får gå!

Adios

desember 2006
ma ti on to fr
1 2 3
4 5 6 7
8
9
10
11 12 13 14 15
16
17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31
img