Ting som får det til å bli varmt - del 1: kollektivtrafikken
Irritasjon er ein underleg ting. Det er små, tilsynelatande harmlause, ting som f.eks. ein urytmisk dryppelyd som kan få kroppen til å reagera som om det var på eit dundrande hifi-anlegg som stod ved sida av deg. Eg må innrømma at eg er av dei som irriterar seg mykje over små og store ting og i mange ulike kvardagskontekstar. Eg vil forsøkja meg på ein irritasjonsserie, der eg vil ta for meg ulike irritasjonsmoment (ein lang bloggpost hadde blitt alltfor lang).
Lat oss starta med kollektivtraffiken. Få ting måler seg med denne djevelens arena når det gjeld irritasjon. Ser me nort frå for seine og for tidlege avgangar er det fortsatt uendeleg mykje ein kan fora sitt kjære raseri med. Det kan vera ein gjeng med sossefjortisar som sit fulle og gapar klokka 19 ein fredagskveld på banen. Eller det kan vera trikkeføraren som finn det for godt å køyra når du har spurta 100 meter og står og trykkjer som ein gall på opnarknappen ein meter på andre sida av glasruta hans. ÅÅÅÅ, slikt får det til å koka inni meg! Men det verste med kollektivtrafikken er.. nei, forresten er det to ting som er på første plass. Det er dei folka som går på før du har gått av. Men kanskje aller verst er dei som står utanfor trikken, bøyar seg ned og febrilsk trykkjer på opneknappen (trikkane har ein knapp på dørene du må trykkja på for at dei skal opna seg både innanfrå og utanfrå) når du står med fingeren på opneknappen inne og er på veg ut. Kvifor gjer dei det? Det ser bare dumt ut! Prøver dei å hjelpe meg? Trur dei ikkje at eg har klart å knekka den uhyre innfløkte koden rundt opneknapp-mysteriet? Gje meg styrke, som eg hatar slike folk!

Kommentarer:
Postet av: Stian
Eg kunne ikkje ha vore meir på bølgjelengde med deg når det kjem til kollektivtrafikk-irritasjon!
(^_^)
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/4509329