Safari
Tilbake frå safari. Me var i Masai Mara på grensa til Tanzania og Serengeti i 2 netter. For ein bondeson og to byguttar var veldig stas å sjå så mange gjeve og eksotiske dyr. Me overnatta i ein teltleir som hadde bl.a. denne innskripsjonen på inngangsporten ''[leiren] are not responsible for any injury or death that may occur inside or outside of the camp ''. Men me hadde heldigvis eit knippe masaiar (folkeslag frå området) som passa på oss med pil og boge og varta oss opp veldig bra. Då ein apekatt stal kjeks av oss fekk me f.eks. ein stav som dei brukte å slå desse jungelrottene med.
Blant hoegdepunkta var heilt klart å foelgja ei holoeve eit stykke til ho brakte oss til mannen sin. For eit dyr! På tilbakevegen fekk me også sjå ei anna holoeve knasa i seg ein sebra. Ikkje akkurat som å sjå ei ku eta kraftfor med andre ord.
I dag tidleg stod me opp kl 05.45 (eg skriv det i tal for å framheva kor tidleg dette var for meg) for å sjå soloppgangen i nasjonalparken. Dette var meget vakkert og malerisk med sola som titta opp bak eit fjell med grasande sebraar og einslege tre i framgrunnen.
Det var likevel godt å vera tilbake i Nairobi og få dusja av seg 3 dagar i bil på stoevete vegar, og å komma seg unna.
No har me 3 dagar igjen av prosjektjobbinga igjen. Etter dette skal me nok ein liten tur inn i landet foer det blir kyst og bading.

Kommentarer:
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/5999839