Straffesparkkonkurranse er eit onde
To lag går ut på banen kl 20.40. Det eine laget har på seg gule draktar. På stadion ljomar "Oh! When the saints og marching in!" Eg får ikkje med meg dette. Eg skundar meg nemleg dotrengd mot Bohemen saman med Marie.
Southampton skal spela 2. kamp i playoff-systemet (sluttspelet der vinnaren av 4 lag rykkar opp) mot Derby. Saints har endt på 6. plass medan rams endte på 3. Sistnemnde (for den mindre fotballinteresserte: altså Derby) ledar 2-1 frå førre kamp på Saint Mary's Stadium. Southampton må opp og scora, for å få angrepssvake Derby opp og fram slik at Saints kan kontra inn seieren.
Bohemen er full av Derbyfans. Eg er den einaste saintssupportaren eg kan sjå. Fleire lokale heltar bakkar meg opp. Marie er også svært engasjert. Eg er nervøs.
Få minutt etter me kjem står det 1-1. Pangstart! Sjølv om det første målet er ein fadese av eit redningsforsøk frå southampton si side: langskot med halvhjerta redningsforsøk. Berre SFC kan sleppa inn slike mål. Men så er jo førstekeeparen ute med skade også. Men saints har scora siste målet og ting ser meget lyst ut. SFC må jo berre scora eitt mål for å få ekstra omgangar.
Etter ca 50 min scorar saints igjen og eg let jubelen laus. Halsen får trent seg. Endorfinane strøymer ut og lykkerusen er stor! Nå er ekstraomgangar foreløpig i boks. Southampton spelar i tillegg som kongar av Pride Park. For første gong vinn dei ballen på midtbanen i staden for å tapa han. Dei bruker elegante triks for å lura Derbyforsvaret og smilet sit laust på munnen min. Skal eg endeleg ha flaks i fotballivet?
Så scorar Derby etter ca 60 min. Eg hadde nettopp sagt til mine bordnaboar at "skåre sje saints di neste 10 minuttå, skåre darby". Saints hadde nemleg pressa hardt, men hatt uflaks ppå avsluttningane. Rams si scoring kom på corner der Leon Best sette ballen i eige mål på spektakulært vis. Hadde han øvd på det i eitt år aleine forran mål, hadde han ikkje klart det meir enn ein gong. Akkurat denne gongen viste seg å vera i kveld. Eg kjenner meg langt, langt nede. Etter å ha hoppa og skreke som einaste mann ti minutt sidan, høyrer eg no på kvitkledde 30-åringar som reagerer slik eg gjorde den gong. Saints er foreløpig ute av opprykksstriden.
Kampen går sin gang. Eg har heldigvis klyppa neglene, så eg bit i skinnet og fingrane mine i staden. Sidemannen min beroligar meg og hevdar at saints vil vinna 4-2. Eg smiler, men held fram med å bita hud.
Så i 88. minutt skjer det: saints skorar etter eit flott angrep. Eg eksploderer. Stemmen min blir hes. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ så deiligt!!!!!!
Saints er i følgje bortemålsregelen (er det samnlagd uavgjort, men laget ditt har scort meir på bortebane, går dei vidare) vidare.
Når fløyta bles jublar eg. Eg trur SFC har gått vidare til playoff-finalen. Skuffelsen er difor enormt stor då det går opp for meg at bortemålsregelen ikkje gjeld i playoff (som kanskje einaste store sluttspel). Me må ut i ekstraomgangar. Alle som har sett saints spela, veit at å halda presset oppe er slett ikkje deira beste eigenskap. Dei neste 35 minutta blir skumle.
Ganske rett blir presset frå Derby større i ekstraomgangane, men stillinga står 3-2 til saints (4-4 samanlagd) ut desse. Det er duka for straffekonkurranse. Verdens mest urettferdige og dårligaste avgjerslemetode nokon gong oppfunne.
Saints vinn myntkastinga og får sine supportarar bak målet. Leon Best, unggutten som scora sjølvmål, skal gjera ting godt igjen. Han bommar. Han skyt over og til sida for mål. Smerte og skam. Derbyskjøgene jublar.
Alle derbyspelarane klarar sakene sine. Indigo Idiakez er SFC sin mann som skal avgjera. Scorar han, må Derby scora dersom dei skal vinna. Bommar han, vinn rams. Han tek fart. Det regnar i Nord-England. Kamera fokuserer på fjeset til den gulkledde skyttaren. Så spring han mot ballen. Han skyt. Ballen går, går, går??? over! Derbyfansen hopper i taket. Dei er vidare.
Eg sitt eit par minutt med hovudet i hendene utan å seia noko. Sidemennene mine klappar meg medfølande på skuldra. Dei held med Vålerenga, så dei veit kor bittert livet i 1. divisjon er. Eg ser derbyfansen på Pride Park storma banen. Supportarane til saints sørfrå står på tribunen og syng for å visa at dei er bak helgenane sine sjølv om dei ikkje vinn.
Til slutt reiser eg meg og går inn på do. Der lensar eg meg for den halvliteren sidemannen min kjøpte meg då saints hadde klart seg til ekstraomgangar. Ute i puben høyrer eg den fantasilause sangen "Derby, Derby, Derby" . Eg hatar dei. Eg hatar dei sjølv om eg ikkje veit kven dei er. Sjølv om eg veit at eg hadde reagert likt, ser fjesa deira stygge ut når eg går ut. Nei, eg hatar ikkje dei. Eg hatar urettferda som ofte regjerer i forballen. Sjølvsagt skulle ikkje Davis slept inn detførste klumsemålet til Derby. Sjølvsagt skulle ikkje Best scort sjølvmålet som sjølv ein doktorgradinnehavar i fysikk ville undra seg over korleis det var mogleg å scora. Sjølvsagt, sjølvsagt skulle saints hatt straffe då Derbyforsvararen leda ballen ut over dødlinja med handa i første omgang.
Men slik er fotballen. Og på ein måte er det urettferda eg elskar med sporten. Alle kan i teorien vinna. Og neste år er det Southamptons tur! Eg kjenner det på meg. Slik dei spelte denne kampen. Me har eit (relativt) stabilt styre, ein stabil økonomi, eit godt lag, unge og lovande spelarar, og ein god manager:
The future is bright! The future is red and white! Come on you saints!!!!!
Du får kondolera. Vett godt koss du har det, elle kansje ikkje si Leeds fortjente å taba i playoffen. Men eg vett iallefall at det e uendeleg mange gonger verre å måtta delta i Johnstone Paints Trophy-cupen (ikkje peiling på ka det e, vett bare at Leeds ska delta der for fysste gong i historien) te neste år.
Hahahaha. Johnstone Paints Trophy. Hørres jo rett og slett forbæskeligt dritt ut.
RansomE says: CHECK DENNE LINKEN: http://en.wikipedia.org/wiki/Football_League_Trophy
Ah, wikipedia. Vår uendelege kjelde til visdom
jau jau, korleis går det med eksamen i medisin då?
eksamen nærmar seg no..Dette kallar eg eit onde...
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5440791