Sjå i nåde til meg som kjenner det late hug i hjarta mitt
Nå går det hardt føre seg her på den gale sida av fjella. Lesinga av faglektyre skal i prinsippet komma inn i sluttspurtsfasen snart. Amnesty har sagt at eg bør jobba 2 gonger i veka (det er forsåvidt greitt nok. Eg likar folka og været begynner å bli fint). Eg har blitt bøsseansvarleg i medisinstudentane sin humanitæraksjon sitt lokallag i Oslo, og har ansvaret for å skaffa over 500 bøssebærarar til innsamlingsveka i september. I IFMSA sitt lokallag i Oslo er eg pr-sjef. I tillegg til dette kjem sosialt samvær og trening. Og, ja, eg syng faktisk også i kor. Det slår meg at eg allereie har blitt ein pamp. Ein slik som kjem til å gå ut av 12. semester med 6 års organisasjonserfaring og eit lass med historiar frå sære sosiale samankomstar i den stil som florerar på dette fakultetet.
Eg innser at dette er ein svært internt og dårleg skrive innlegg, men det for gå. Eg måtte berre skriva noko for å blidgjera Kåre, og dermed unngå at han skjeller ut både meg og uskuldige kommentatorar på bloggen min. Kåre er blogguden som må ofrast til i form av innlegg. Elles blir han vreid og slepp ut alt det fryktelege som berre ein hjerne som har gått utan kjærteikn frå eigne hårstrå i eit tiår kan komma opp med. Lat oss alle bloggsyndarar venda oss i syndforlating til han no (Tore, du treng ikkje. Du endar opp i blogghelvete uansett).

Kommentarer:
Postet av: kvignes
Takk. Offer godtatt. Veldig fornøyd nå.
Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5426307
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5426307