Kjønnsdeling? Ja, bitte!

Eg har nettopp hatt påskeferie og derpåfølgjande guttetur til Berlin og Warszawa. Men dette skal ikkje bloggast, sidan det som foregår på SOT (Sangvinerne on Tour) forblir på SOT. Difor vil eg bruka innlegget til å diskutera ei sak som ligg mitt hjarta nært på ein utradisjonell måte. Eg snakkar sjølvsagt om fellesdass.

Fellesdassar er eit stort, sært og unødvendig vonde. Det er slik eg ser det tre store grunnar til dette:

 

  1. For det første er det ikkje pissoir på (dei fleste) av desse romma. Manglar denne nødvendige fasiliteten når ein gutt skal gjera sitt nr 1, hender det ofte at ting hamnar alle andre stadar enn i skåla. Dette er ikkje fordi me er skitne, ekle, vondsinna eller uerfarne, slike ting skjer berre. For det første er det vanskeleg å styra høgtrykkspylaren. For det andre kan andre ting som ballongeffekta (forhud klistrar seg til penis) eller erektilt vev forvanska og tilgrisa utspylinga. Personleg er eg ein stolt sitjar, pga dei ovarståande tinga, men eg innser at eg er ein minoritet blant mitt eige kjønn. Så eg trur det vil vera fordelaktig for begge kjønn å ha eit toalett for kvart kjønn, evt installera pissoir på unisexdo. Desse må, av omsyn til dei meir sjenerte av oss guttar, bli plasserte i eit eige avlukke. Dermed får ein også her eit behov for ein viss kjønnsinndeling.
  2. Det andre argumentet er det sterkaste etter mi meining; nemleg lukt. Tenk deg dette scenariet: Du står og ventar i ein dokø. Ut frå den første ledige doen kjem personen du har eit godt auge til (eller berre ein tilfeldig repressentant for det andre kjønn). Du går inn for å tilfredsstilla dette av dine primærbehov. Når du kjem inn kjenner du ei umiskjenneleg lukt som vitnar om personen du likar si tilfredsstilling av same primærbehov; dritlukt på folkeleg. Synet ditt for personen er nødt til å bli litt endra, enten du vil det eller ei. Kvar gong du ser denne vil du lett kunna tenkja tilbake på lukta, og eg synest iallfall at dette ikkje er særleg flatterande. For mitt tilfelle ville eit evt førsteinntrykk av jenta blitt totalt øydelagd. Ikkje fordi eg er spesielt overflatisk eller lever i ei imaginær verd der jenter ikkje drit, men berre fordi det er ein sær forsvarsmekanisme.
  3. Argumenta ovanfor kan også ovarførast til lyd. Dersom ein har fleire do attmed kvarandre som ikkje har god nok lydisolering, kan ein komma i skade til å høyra andre sine strabasar med å klemma ut ein vrien kabel (eller tvinga ein unge med vasskrekk ned i bassenget for å bruka Danil sin terminologi). Dette trur eg me kan einast om at er ei oppleving både gjerningsperson og offer helst vil vera forutan. Argumentet gjeld også for kjønnsdelte do som ikkje har god nok isolering (dette er dessverre ei sjølopplevd erfaring der eg var offer. Det var slett ikkje ei fin oppleving)

 

Så for kjærleiken, framtidige vennskap og vedlikehaldet av populasjonstalet til landet vårt si skuld: Ja til kjønnsdeling av toaletta!


Kommentarer:
Postet av: kvignes

Eg er uenig med deg. Tvekjønna toalett er reinslegare, trivelegare og så er me for alltid kvitt uvesenet med at jenter alltid går to og to på do i lag. Ved fleirkjønna toalett, har dei ingen stad for seg sjølv der dei kan snakka om ting utan at me høyrer dei lenger.

18.apr.2007 @ 19:27
Postet av: Øystein

Hadde eg ikkje kjent deg hadde eg trudd du hadde eit trist liv

19.apr.2007 @ 13:01
URL: http://hauskje.weblogg.no
Postet av: kaveh og ine

Jeg syns fellesdoer er dritbra!

1.) Man kan legge an på damer i dokøen
2.) Man kan ha sex på handicaptoalettet

20.apr.2007 @ 10:05
URL: http://caveman88.blogspot.com
Postet av: kineh

Jeg syns fellesdoer er dritbra!

1.) Man kan legge an på damer i dokøen
2.) Man kan ha sex på handicaptoalettet

20.apr.2007 @ 10:07
Postet av: kaveh

skrev en lang kommentar, men kommer bare to linjen inn på bloggen din.. rart..

20.apr.2007 @ 14:20

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/trackback/ping/5416235