Sunday, Bloody Sunday

I siste onsdagen i Januar reiste Vangen og eg reiste til Nord-Irland for å besøka någen venner som me hadde truffe i sommar. Tidspunktet valt for reisa var ikkje tilfeldig. Den påfølgjande sundagen var det nemleg 35 års jubileum for Bloody Sunday-markeringa. Kort innføring: Byen dei bur i heiter Derry og ligg heilt nord på øya. Byen er kanskje best kjent for dei fleste nordmenn under namnet Londonderry (eit namn som provoserer dei fleste innbyggjarane som vil vekk frå Storbritannia og slå seg saman med Irland). Byen står i særstilling i forhold til dei fleste andre nord-irske byar sidan dei fleste borgarane i Derry er katolikkar og tilhengjarar av foreining med republikken i sør. Difor har det ofte vore uro der. I Januar 1972 var det ein fredeleg demonstrasjon mot bl.a. dårlege buforhold og ein del andre sosiale sakar. Demonstrasjonen endte tragisk med at 14 sivile blei drepne av spesialstyrkane frå den britiske hæren som hadde blitt sett inn for å halda demonstrasjonen under oppsikt.


Blant dei som blei drepne i 72 var onkelen til Martin, viss syster me budde hjå. Når i tillegg Ann (systera) hadde vore medlem av aktivt medlem av IRA, og ho og to av dei andre syskena hadde blitt truffne av plastikkuler, og huset til foreldrene hadde blitt ramma av ei bilbombe, seier det seg sjølv at me fekk mange spennande historier og kom under overflata på markeringa på ein heilt unik måte. Ting har heller ikkje roa seg heilt i landet, men det er betre enn i 60-70-åra. Då me spurte om det kom til å bli opptøyar fekk me svaret: "No it won't. Probably just some kids throwing stones at the police, but nothing more." Det beste sitatet kom likevel frå Ann då eg spurte ho om det same. Ho foreslo at me kunne gå litt rundt i byen etter marsjen og sjå om me såg någen opptøyer. Så la ho til "Are you a good runner?" Eg svare på at eg er heilt grei. "good" var svaret hennar.

Andre høgdepunkt var bl.a.

  • Då me fekk fulle irar til å tru at eg var prinsen av Norge (ikkje kronprinsen vel og merka, men hans yngre bror).
  • Ein lang diskusjon på fleire timar på eit nachspiel mellom to republikktilhengjarar som eigentleg var einige, men som endte med at den eine (ein av våre venner) blei kasta ut av huset til han andre. "I don't wan't to shake yer hand! Get out of me house!"
  • Då det lokale folkbandet i den mest irske puben i Derry spelte "Whiskey in the Jar" + andre klassiskarar og alle trampa takten og sang med.


Så nokre sluttord: Derry er ein fantastisk by, spenninga mellom nasjonalistane og unionistane er langt frå over, det irske landskapet er akkurat like vakkert som du ser det for deg, irar er like venlege som du har høyrt, men dei har ei ekstremt kort lunte overfor kvarandre når dei er på byen.


Kommentarer:
Postet av: Kjetil

Viss Martin og hu dåkke besøkte er sysken, vil det ikkje også då vera slik at onkelen te Martin e onkelen te hu dåkke besøkte? Bare lure.

09.feb.2007 @ 01:53:24
URL: http://sevheim.weblogg.no
Postet av: kvignes

Du må koma over fjellet og ha undervisningstime om dette.

14.feb.2007 @ 11:05:33
Postet av: Øystein

Ja, eg trur det e svært viktigt at folk faktisk fatte ka så skjer i den vestlige verden. Både NI, Katalonia, Baskerland, Kypros osb e konflikter ingen i Vesten vett någe om, eller så trur folk at det har roa seg.

14.feb.2007 @ 12:26:11
URL: http://hauskje.weblogg.no
Postet av: kvignes

Kanskje me skal arrangere Øysteins konfliktveke på Lundeneset etter påske?

14.feb.2007 @ 14:30:06
Postet av: Øystein

Hehe. Koffår ikkje? Så kan dåkke visa lysbilder frå Island seinare

21.feb.2007 @ 10:49:17
URL: http://hauskje.weblogg.no

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=4053019
img