Out of Africa
Etter Lamu tok me buss ned til Mombasa og var der i 2 netter. Det var kjekt aa faa sjaa byen, men det var daa ogsaa det einaste.
Saa sette me oss paa bussen ein gong til. Denne gongen reiste me over grensa til Tanzania. Me endte opp i ein by som heiter Arusha, og ligg nord i landet. Her var me ogsaa to netter. Denne byen er kjent for 3 ting: rettslokala til oppgjeret etter borgarkrigen i Rwanda ligg her; det er eit fint omraade aa gaa tur i; og den er proppfull av folk som vil ha deg med paa sitt hotell, sin safari og sin taxi ("touts" paa engelsk). Det var ein litt stressande ankomst med desse plagarane som moette deg paa bussen, men den gaaturen me hadde gjennom smaa landsbyar og inn eit juv til ein imponerande foss, var verdt det!
Siste stopp paa denne turen var Zanzibar (der me er no). Stonetown er saa eksotisk som folk seier, og strendene er saa fantastiske som dei samme nevner i samme andedrag. Me 3 guttane bur no paa ein feriestad ved stranda som er perfekt for forelska par, saa me kosar oss stort.
Men med 2 dagar igjen av turen (og begge av desse gaar med til reising), er me alle klare for aa reisa heim. Turen har vore spennande, morsom og ein berikelse (ja, me sparar ikkje paa klisjear her som sagt).
Det gledas seg over ein laag sko til aa sjaa alle kjente igjen!
Naivaisha og Lamu
Farvel Nairobi
I dag var me med på eit matprogram for HIV-ramma i ein av dei fattigaste slummane i Nairobi. Det var svaert roerande å sjå desse lutfattige, sjuke kvinnene syngja og dansa ei stund foer dei fekk sin rasjon på ca 2 l ris, 1 l mais, 1,5 l guleroeter, ein stor neve boennesort, ein stor neve agurk blanda med anna groent, 4 små halve graskar, 5 purreloek, ein neve annan purre og chilli til dei som ville ha. Dette skulle halda til 3-4 dagar for ein heil familie (mange hadde over 10 ungar!). Mot slutten av seansen kom ei av kvinnene som allereie hadde fått mat tilbake med 3 smykker ho hadde laga til oss. Dette var roerande og me kunne ikkje fått sagt nok takk. Og på vegen heim sprang ungar etter bilen vår og vinka til oss, dei kvite menne i kvite klede. Lurer på kva dei tenkjer om oss. Ser dei på oss bortskjemde bedagelege nordbuarar som kvite englar? DET er ein sjuk tanke som dette oppholdet har laert meg å forstå litt av kor stor denne sjukheita er.
Dette opphaldet har vore svaert laererikt for meg, som sagt. Eg har sett mykje sproeyter; blitt nokonlunde gode til å treffa blodårer med nålene; blitt veldig god til å ignorera barnegråt når ein vaksinerer; laert masse infeksjonsmedisin; laert litt swahili. Men viktigast av alt er denne klisjeen: eg har sett ein fattigdom eg har sett på tv tusen gonger, men aldri har teke inn over meg skikkeleg. No har eg fått ein oerliten forståing av denne, og det er lite behageleg, men du så noedvendig og laererikt!
Safari
Blant hoegdepunkta var heilt klart å foelgja ei holoeve eit stykke til ho brakte oss til mannen sin. For eit dyr! På tilbakevegen fekk me også sjå ei anna holoeve knasa i seg ein sebra. Ikkje akkurat som å sjå ei ku eta kraftfor med andre ord.
I dag tidleg stod me opp kl 05.45 (eg skriv det i tal for å framheva kor tidleg dette var for meg) for å sjå soloppgangen i nasjonalparken. Dette var meget vakkert og malerisk med sola som titta opp bak eit fjell med grasande sebraar og einslege tre i framgrunnen.
Det var likevel godt å vera tilbake i Nairobi og få dusja av seg 3 dagar i bil på stoevete vegar, og å komma seg unna.
No har me 3 dagar igjen av prosjektjobbinga igjen. Etter dette skal me nok ein liten tur inn i landet foer det blir kyst og bading.
Malaria, vaksine og antibiotika
Apropos antibiotika; i dag blei eg vekka av Danil i titida. Han fortalde om feberopplevingar om natta og hovudpine. Me har sett såpass mange malariapasientar no at me begge mistenkte dette. Nede på eit sjukehus blei denne teorien avkrefta med eit laboratoriesvar, så Danil gjekk for å konsultera doktoren. Han ville leggja Danil inn. Dette fann me noko absurd sidan han ikkje ser sjuk ut, og det heile minnar om eit resultat av den maten me åt med hendene på ein "pure kenyan" (ein kenyanars ord for å beskriva at det ikkje var kvite der til vanleg) nattklubb dagen foer. Danil sa at han ikkje var interessert i innleggjing og fekk heller utskrive eit arsenal medikament. Blant desse var det sjoelvsagt (trommevirvel) antibiotika. Er det rart det blir resistens?
Vel vel. Det var vel det viktigaste eg kjem på i farta. Som eit PS kan det nemnast at i morgon skal me til Masai Mara på safari.
Brev frå Kenya
Som sagt har me allereie opplevd mykje. Det er likevel ein ting eg vil skriva litt om. Det skjedde ein av dei foerste dagane.
Etter å ha overnatta første natt, bestemte me oss for å stifta bekjentskap med sentrum. Me tok matatu (minibuss) 48 ned. Det var i sentrum me skulle bli forsøkt svindla. Etter å ha vandra litt rundt, drog den rutinerte opp kartet sitt. "Hello, and welcome to Kenya!" kom det med ein gong frå nermaste mann. Han spurte om me hadde tid og ville bli med på kafe. Me lukta tydeleg lunta, men tenkte det ville vera artig, og blei med mannen bare for å høyra kva triks han hadde. Kort fortalt var han flyktning frå Zimbabwe. Dette var siste dagen han kunne vera i Kenya, og trengde difor pengar. Han skulle til Norge fordi han kjente ein professor der. Han trengte berre komma seg til Djibouti (eit land i naerheten), så ville ein organisasjon hjelpa han vidare. Då me spurte om å få mailen hans slik at me kunne kontakta denne professoren (Han spurte etter vår foerst) sa han at han ikkje hadde (logisk brist der altså). Då han (så klart )spurte etter pengar, sa me (som delvis sant var) at me ikkje hadde saerleg meir enn til matatuen pga me hadde blitt fråråda å ta med meir. Men han kunne få vekslepengane etter me hadde betalt kaffien. Etter me hadde forlatt mannen, gjekk me eit par meter foer me blei stoppa av ein mann. "I'm from the Kenyan secret service. Do you guys know who the man you were talking to is?" "Fantastisk!" tenkte eg. Mannen skulle sjoelvsagt vera terrorist og me måtte bli med han. Me nekta sloelvsagt og spurte om me ikkje kunne snakka der det var meir folk. Ein "kollega" av mannen kom. "Do we have to put you in chains?" spurte den foerste. Dette er eg sikker på at dobla pulsen min. Men me sto på vårt. Til slutt sa mann nummer to "I'm gonna give you guys a tip. When you are in Nairobi, watch out!" Med desse orda skiltes me. Eg treng vel ikkje seia at me var kjappe med å ta matatuen heim.
Bak et halleluja
Straffesparkkonkurranse er eit onde
To lag går ut på banen kl 20.40. Det eine laget har på seg gule draktar. På stadion ljomar "Oh! When the saints og marching in!" Eg får ikkje med meg dette. Eg skundar meg nemleg dotrengd mot Bohemen saman med Marie.
Southampton skal spela 2. kamp i playoff-systemet (sluttspelet der vinnaren av 4 lag rykkar opp) mot Derby. Saints har endt på 6. plass medan rams endte på 3. Sistnemnde (for den mindre fotballinteresserte: altså Derby) ledar 2-1 frå førre kamp på Saint Mary's Stadium. Southampton må opp og scora, for å få angrepssvake Derby opp og fram slik at Saints kan kontra inn seieren.
Bohemen er full av Derbyfans. Eg er den einaste saintssupportaren eg kan sjå. Fleire lokale heltar bakkar meg opp. Marie er også svært engasjert. Eg er nervøs.
Få minutt etter me kjem står det 1-1. Pangstart! Sjølv om det første målet er ein fadese av eit redningsforsøk frå southampton si side: langskot med halvhjerta redningsforsøk. Berre SFC kan sleppa inn slike mål. Men så er jo førstekeeparen ute med skade også. Men saints har scora siste målet og ting ser meget lyst ut. SFC må jo berre scora eitt mål for å få ekstra omgangar.
Etter ca 50 min scorar saints igjen og eg let jubelen laus. Halsen får trent seg. Endorfinane strøymer ut og lykkerusen er stor! Nå er ekstraomgangar foreløpig i boks. Southampton spelar i tillegg som kongar av Pride Park. For første gong vinn dei ballen på midtbanen i staden for å tapa han. Dei bruker elegante triks for å lura Derbyforsvaret og smilet sit laust på munnen min. Skal eg endeleg ha flaks i fotballivet?
Så scorar Derby etter ca 60 min. Eg hadde nettopp sagt til mine bordnaboar at "skåre sje saints di neste 10 minuttå, skåre darby". Saints hadde nemleg pressa hardt, men hatt uflaks ppå avsluttningane. Rams si scoring kom på corner der Leon Best sette ballen i eige mål på spektakulært vis. Hadde han øvd på det i eitt år aleine forran mål, hadde han ikkje klart det meir enn ein gong. Akkurat denne gongen viste seg å vera i kveld. Eg kjenner meg langt, langt nede. Etter å ha hoppa og skreke som einaste mann ti minutt sidan, høyrer eg no på kvitkledde 30-åringar som reagerer slik eg gjorde den gong. Saints er foreløpig ute av opprykksstriden.
Kampen går sin gang. Eg har heldigvis klyppa neglene, så eg bit i skinnet og fingrane mine i staden. Sidemannen min beroligar meg og hevdar at saints vil vinna 4-2. Eg smiler, men held fram med å bita hud.
Så i 88. minutt skjer det: saints skorar etter eit flott angrep. Eg eksploderer. Stemmen min blir hes. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ så deiligt!!!!!!
Saints er i følgje bortemålsregelen (er det samnlagd uavgjort, men laget ditt har scort meir på bortebane, går dei vidare) vidare.
Når fløyta bles jublar eg. Eg trur SFC har gått vidare til playoff-finalen. Skuffelsen er difor enormt stor då det går opp for meg at bortemålsregelen ikkje gjeld i playoff (som kanskje einaste store sluttspel). Me må ut i ekstraomgangar. Alle som har sett saints spela, veit at å halda presset oppe er slett ikkje deira beste eigenskap. Dei neste 35 minutta blir skumle.
Ganske rett blir presset frå Derby større i ekstraomgangane, men stillinga står 3-2 til saints (4-4 samanlagd) ut desse. Det er duka for straffekonkurranse. Verdens mest urettferdige og dårligaste avgjerslemetode nokon gong oppfunne.
Saints vinn myntkastinga og får sine supportarar bak målet. Leon Best, unggutten som scora sjølvmål, skal gjera ting godt igjen. Han bommar. Han skyt over og til sida for mål. Smerte og skam. Derbyskjøgene jublar.
Alle derbyspelarane klarar sakene sine. Indigo Idiakez er SFC sin mann som skal avgjera. Scorar han, må Derby scora dersom dei skal vinna. Bommar han, vinn rams. Han tek fart. Det regnar i Nord-England. Kamera fokuserer på fjeset til den gulkledde skyttaren. Så spring han mot ballen. Han skyt. Ballen går, går, går??? over! Derbyfansen hopper i taket. Dei er vidare.
Eg sitt eit par minutt med hovudet i hendene utan å seia noko. Sidemennene mine klappar meg medfølande på skuldra. Dei held med Vålerenga, så dei veit kor bittert livet i 1. divisjon er. Eg ser derbyfansen på Pride Park storma banen. Supportarane til saints sørfrå står på tribunen og syng for å visa at dei er bak helgenane sine sjølv om dei ikkje vinn.
Til slutt reiser eg meg og går inn på do. Der lensar eg meg for den halvliteren sidemannen min kjøpte meg då saints hadde klart seg til ekstraomgangar. Ute i puben høyrer eg den fantasilause sangen "Derby, Derby, Derby" . Eg hatar dei. Eg hatar dei sjølv om eg ikkje veit kven dei er. Sjølv om eg veit at eg hadde reagert likt, ser fjesa deira stygge ut når eg går ut. Nei, eg hatar ikkje dei. Eg hatar urettferda som ofte regjerer i forballen. Sjølvsagt skulle ikkje Davis slept inn detførste klumsemålet til Derby. Sjølvsagt skulle ikkje Best scort sjølvmålet som sjølv ein doktorgradinnehavar i fysikk ville undra seg over korleis det var mogleg å scora. Sjølvsagt, sjølvsagt skulle saints hatt straffe då Derbyforsvararen leda ballen ut over dødlinja med handa i første omgang.
Men slik er fotballen. Og på ein måte er det urettferda eg elskar med sporten. Alle kan i teorien vinna. Og neste år er det Southamptons tur! Eg kjenner det på meg. Slik dei spelte denne kampen. Me har eit (relativt) stabilt styre, ein stabil økonomi, eit godt lag, unge og lovande spelarar, og ein god manager:
The future is bright! The future is red and white! Come on you saints!!!!!
Come on you reds!!!!
Spam frå helvete
"We are pleased to inform you of the result of the just concluded
annual final draws held on the 20th Of March 2007 by Coca-Cola
company
in
conjunction with the British American Tobacco Worldwide Promotion.
Your email was among the 4 Lucky winners who won a lump sum of FIVE
HUNDRED THOUSAND BRITISH POUNDS STERLINGS (£500,000.000 ) each on THE
COCA COLA
COMPANY PROMOTIONS.
...
In other to claim your prize winning, you are required to fill out the
Claims Verification form below and send it to the Fiduciary Agent Of
THE COCA
COLA COMPANY for verification and claim processing
NAME:....................................
AGE:.......................................
SEX:......................................
ADDRESS:..............................
EMAIL:....................................
PHONE:.................................
OCCUPATION:.........................
COMPANY:..............................
COUNTRY:..............................
Prize Ref No............................
...
Congratulations once again On Behalf of the staff And Members Of the
COCA COLA COMPANIES and therefore advised you to keep your winning
information
confidential and restrict from third Party to avoid double or false
claims of your winning."
Sjå i nåde til meg som kjenner det late hug i hjarta mitt
Eg innser at dette er ein svært internt og dårleg skrive innlegg, men det for gå. Eg måtte berre skriva noko for å blidgjera Kåre, og dermed unngå at han skjeller ut både meg og uskuldige kommentatorar på bloggen min. Kåre er blogguden som må ofrast til i form av innlegg. Elles blir han vreid og slepp ut alt det fryktelege som berre ein hjerne som har gått utan kjærteikn frå eigne hårstrå i eit tiår kan komma opp med. Lat oss alle bloggsyndarar venda oss i syndforlating til han no (Tore, du treng ikkje. Du endar opp i blogghelvete uansett).
Kjønnsdeling? Ja, bitte!
Eg har nettopp hatt påskeferie og derpåfølgjande guttetur til Berlin og Warszawa. Men dette skal ikkje bloggast, sidan det som foregår på SOT (Sangvinerne on Tour) forblir på SOT. Difor vil eg bruka innlegget til å diskutera ei sak som ligg mitt hjarta nært på ein utradisjonell måte. Eg snakkar sjølvsagt om fellesdass.
Fellesdassar er eit stort, sært og unødvendig vonde. Det er slik eg ser det tre store grunnar til dette:
- For det første er det ikkje pissoir på (dei fleste) av desse romma. Manglar denne nødvendige fasiliteten når ein gutt skal gjera sitt nr 1, hender det ofte at ting hamnar alle andre stadar enn i skåla. Dette er ikkje fordi me er skitne, ekle, vondsinna eller uerfarne, slike ting skjer berre. For det første er det vanskeleg å styra høgtrykkspylaren. For det andre kan andre ting som ballongeffekta (forhud klistrar seg til penis) eller erektilt vev forvanska og tilgrisa utspylinga. Personleg er eg ein stolt sitjar, pga dei ovarståande tinga, men eg innser at eg er ein minoritet blant mitt eige kjønn. Så eg trur det vil vera fordelaktig for begge kjønn å ha eit toalett for kvart kjønn, evt installera pissoir på unisexdo. Desse må, av omsyn til dei meir sjenerte av oss guttar, bli plasserte i eit eige avlukke. Dermed får ein også her eit behov for ein viss kjønnsinndeling.
- Det andre argumentet er det sterkaste etter mi meining; nemleg lukt. Tenk deg dette scenariet: Du står og ventar i ein dokø. Ut frå den første ledige doen kjem personen du har eit godt auge til (eller berre ein tilfeldig repressentant for det andre kjønn). Du går inn for å tilfredsstilla dette av dine primærbehov. Når du kjem inn kjenner du ei umiskjenneleg lukt som vitnar om personen du likar si tilfredsstilling av same primærbehov; dritlukt på folkeleg. Synet ditt for personen er nødt til å bli litt endra, enten du vil det eller ei. Kvar gong du ser denne vil du lett kunna tenkja tilbake på lukta, og eg synest iallfall at dette ikkje er særleg flatterande. For mitt tilfelle ville eit evt førsteinntrykk av jenta blitt totalt øydelagd. Ikkje fordi eg er spesielt overflatisk eller lever i ei imaginær verd der jenter ikkje drit, men berre fordi det er ein sær forsvarsmekanisme.
- Argumenta ovanfor kan også ovarførast til lyd. Dersom ein har fleire do attmed kvarandre som ikkje har god nok lydisolering, kan ein komma i skade til å høyra andre sine strabasar med å klemma ut ein vrien kabel (eller tvinga ein unge med vasskrekk ned i bassenget for å bruka Danil sin terminologi). Dette trur eg me kan einast om at er ei oppleving både gjerningsperson og offer helst vil vera forutan. Argumentet gjeld også for kjønnsdelte do som ikkje har god nok isolering (dette er dessverre ei sjølopplevd erfaring der eg var offer. Det var slett ikkje ei fin oppleving)
Så for kjærleiken, framtidige vennskap og vedlikehaldet av populasjonstalet til landet vårt si skuld: Ja til kjønnsdeling av toaletta!
Pent brukt kvinns ønskjast
Eg har no budd ca eitt halvt år i syndens hovudstad, og det utan å finna eit kvinns som kan halda meg med selskap slik Vangen ikkje kan, endå han gjer så godt han kan. For å illustrera urettferdigheita vil eg samanlikna meg med någen av mine medsoldatar på sevheim.no, i klassen, i vennegjengen og elles:
- Vangen - har dama.
- Kjetil - har dama
- Oddvar - har dama
- Tore - har ikkje dama (kanskje ikkje så merkeligt siden Tore sine sjekketriks f.eks. er å spela serenadar med tromme) i tillegg har han ALLTID eitt eller anna på gang med ei eller anna.
- Kåre - har ikkje dama (men han har garantert ein bloggflørt med ei viss kvitveis. cybersøtt!)
- Far - har dama
- Odd - er for liten for å ha dama
- Kaveh - har dama (og det trass i han sa dette om den førre jenta han prøvde seg på "ho er søt, men ikkje klassisk pen. Meir sånn komt ut av Tsjernobylulykka på ein heldig måte")
- Danil - har dama
- Jon-Anders - har ikkje dama
- Stian - har ikkje dama
- Kongen - har dama
bill.mrk. høg, kjekk og snart desperat lege(student)
Heilt magisk
Eksamensoppgåve:
Forklar korleis glukoneogenesen og sitronsyresyklusen er avhengig av kvarandre i leveren.
-Svar:Glukoneogenesen startar, samtidig som sitronsyresyklusen stoppar i levaren pga samhandlande magi.
På doktorkontoret:
Pasienten: Eg har så vondt i venstre side oppe med brystet.
Dr Bergøy: Det høyrest for meg ut som du har pådrege deg eit leit tilfelle av svart magi i milten.
Per i dag er det berre på eit felt og berre på ein stad i verda denne drømmesituasjonen er praksis.
Seksualopplysning på ein ungdomsskule i USA:
Eit barn blir til ved magi ni månadar etter ein mann og ei kvinne har blanda tryllestøvet sitt.
Ting som får det til å bli varmt - del 1: kollektivtrafikken
Lat oss starta med kollektivtraffiken. Få ting måler seg med denne djevelens arena når det gjeld irritasjon. Ser me nort frå for seine og for tidlege avgangar er det fortsatt uendeleg mykje ein kan fora sitt kjære raseri med. Det kan vera ein gjeng med sossefjortisar som sit fulle og gapar klokka 19 ein fredagskveld på banen. Eller det kan vera trikkeføraren som finn det for godt å køyra når du har spurta 100 meter og står og trykkjer som ein gall på opnarknappen ein meter på andre sida av glasruta hans. ÅÅÅÅ, slikt får det til å koka inni meg! Men det verste med kollektivtrafikken er.. nei, forresten er det to ting som er på første plass. Det er dei folka som går på før du har gått av. Men kanskje aller verst er dei som står utanfor trikken, bøyar seg ned og febrilsk trykkjer på opneknappen (trikkane har ein knapp på dørene du må trykkja på for at dei skal opna seg både innanfrå og utanfrå) når du står med fingeren på opneknappen inne og er på veg ut. Kvifor gjer dei det? Det ser bare dumt ut! Prøver dei å hjelpe meg? Trur dei ikkje at eg har klart å knekka den uhyre innfløkte koden rundt opneknapp-mysteriet? Gje meg styrke, som eg hatar slike folk!
